Byte av skule

Byte av skule

Retningslinene er som følgjer:

  1. Kommunen sine vedtekne krinsgrenser er eit overordna prinsipp (PDF, 327 kB).
  2. I visse høve kan ein opne for dispensasjon og innfri byte av skule, t.d. ved at foreldre skal flytte til/frå ny skulekrins innanfor eit skuleår.
  3. Dersom det ligg føre særleg tungtvegande grunnar, med fagleg uttale, kan ein elev innvilgast skuleplass på  annan skule enn nærskulen. Føresette kan søke om dette. Kommunen kan også gjere vedtak om dette på eige  grunnlag.
  4. Byte av skule til ein skule til ein annan enn nærskulen, gir ikkje automatisk rett til gratis skuleskyss. Kommunen sitt skyssreglement er fundamentert på kommunen si forskrift om krinsgrenser.
  5. Søknad om annan skule enn nærskulen skal sendast til Herøy kommune ved avdelingsleiar for grunnskule. Denne vert handsama som eit enkeltvedtak med klagerett etter forvaltningslova.

Krinsgrense og reglar for skulebyte vart handsama i kommunestyret i mars 2025.

Rutine for søknad og handsaming av søknader

Søknad om skuleplass på annan skule enn nærskulen eller den skulen eleven soknar til skal sendast til Herøy kommune ved avdelingsleiar grunnskule.

Klage på vedtak skal sendast til Herøy kommune ved avdelingsleiar grunnskule. Om kommunen ikkje gir medhald i klagen, blir den sendt til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Tildeling av skuleplass er eit enkeltvedtak og skal behandlast etter reglane i forvaltningslova. Ved tildeling av skuleplass må det mellom anna gjerast klart at det er klagerett på vedtaket. Klage på tildelt skuleplass skal behandlast etter § 2-6 første ledd i Opplæringslova, som seier at eleven har rett på skuleplass på nærskulen eller den skulen eleven soknar til.

Føresette kan søke om at ein elev får plass på ein annan skule enn nærskulen. Ein har ikkje rett til å få plass på ein annan skule, men ein søknad skal behandlast etter reglane i forvaltningslova. Det er òg klagerett på avslag om skuleplass på ein annan skule enn nærskulen.

Avstand frå heimen til dei aktuelle skulane og argumenta i klagen vil vere avgjerande for kven av disse to heimlane i Opplæringslova klagen blir handsama etter.

Klagebehandlinga vil difor skje etter dei reglane som gjeld, uavhengig av om føresette har søkt om skuleplass på ein annan skule eller om dei har klaga på at eleven ikkje har fått plass på nærskulen sin.