Herøy kommune
Skulen er opptekne av at barna skal kjenne på fagleg og sosial tryggleik. Eit barn som opplever fagleg meistring på sitt nivå, får sjølvtillit og tryggleik. Eit barn som opplever tryggleik og tilhøyre sosialt, er meir i modus for læring.
Blåhaugen skal difor vere ein god plass å vere, og ein god plass å lære.
SFO-tilbodet ved skulen
Dei tilsette på SFO vil at borna skal ha ein trygg og god stad å vere. Dette er fritid og her skal det vere fri og uorganisert leik. Ifølgje rapportar frå Norges idrettshøgskule er fri og uorganisert leik, både sunt og nødvendig. Då kan borna oppnå viktige sosiale, emosjonelle og intellektuelle ferdigheiter.
Leik er først og fremst noko barn tykkjer er morosamt og gledesfylt. Her er det tid for sosialisering og vi ønskjer at dei kan kjenne på gleda av å høyre til og å meistre på mange ulike måtar. Tida på SFO skal gi den gode kjensla av å ha god tid og moglegheit til å gjere eigne val. Vaksne skal vere med på å lære borna å gi ros, vise omsorg og ha empati for kvarandre. I ein elles travel kvardag er dette noko alle treng, for å unngå stress og for å lære å handtere det sosiale samspelet med andre.
Ønsket er at kvar og ein skal få vekse og utvikle seg til å verte ein god versjon av seg sjølv. Her er det rom for kreativitet og spontanitet. Vaksne er her for å hjelpe borna til å finne gode relasjonar med kvarandre og til å finne det gode samspelet som kan gjere det lettare å omgås på skulen og på andre fritidsaktivitetar i regi av idrettslag og kulturskulen.
Du kan lese om SFO (skulefritidsordninga) i kommunen på nettsida.
Vigilo:
Skulen nyttar Vigilo for å informere born og foreldre om aktivitetar som skjer.
Informasjon om grunnskule kan du finne på nettsida om kommunen.
Leige av skulen
For spørsmål knytt til leige av skulen, ta kontakt med rektor, Synnøve Kalleklev.
Telefon: 700 81 861
Kontaktiformasjon:
Adresse: Lisjebøvegen 24, 6091 Fosnavåg
Her finn du skulen på kartet.
Telefon:
Sentralbord 700 81 861
Rektor: 700 81 861
SFO: 481 21 667 / 700 81 869
E-post: bergsoy.skule@heroy.kommune.no