Wenche Moltu
Elevane frå dei tidlegare skulekrinsane Bø, Frøystad, Leine, Remøy og Runde soknar til Einedalen skule.
Skulen tilbyr SFO og har i tillegg ei base som vert nytta av elevar med særskilde behov.
Vi har ein stor og flott idrettshall knytt til skulen. Den har fått namnet Einehallen.
Skulen har eit stort uteareal som innbyr til aktivitet og fri leik, samt ballbinge, basketballbane, og volleyballbane. Einedalen skule ligg naturskjønt til, og er eit naturleg utgangspunkt for utflukter til fjell og fjøre. Skulen og skuleområdet er og i stor grad nytta i helger og på kveldstid av ulike aktørar.
Leige av Einehallen
For treningstider i Einehallen, ta kontakt med Tore Langvatn.
E-post: tore.langvatn@heroy.kommune.no
SFO (skulefritidsordning) ved skulen
Opningstida vår er 07.30 – 08.45 og 13.30 – 16.45.
Vi står for fritida til borna med ein god porsjon omsorg. SFO skal vere ein trygg stad å vere. Dette er borna sin fritidsarena, og for mange er dette den einaste staden dei kan leike fritt mellom skule, lekser og andre faste fritidsaktivitetar i ein elles travel kvardag. Det er difor viktig med aktivitetar som gjer at borna kan velje noko som passar for dei.
Vi ynskjer å vere med på å bidra til at kvar og ein skal få blomstre på sin arena og utvikle seg til den beste versjonen av seg sjølv. Hos oss er sosialisering gjennom leik viktig. Vi ynskjer å gje borna kjensla av å høyre til og meistre på mange ulike områder. Vi hjelper dei til å klare samspelet med andre born, kjenne meistring i leiken og skape gode relasjonar til kvarandre. Dei lærer å vere tolmodige, vente på tur å gje kvarandre ros, samt å vise omsorg og empati for kvarandre.
Vi har eit ekstra fokus på 4.klassingane. Dei fleste har gått her i tre år og har vore med på det meste av aktivitetane. Dei har behov for nye og eigne utfordringar for at SFO-kvardagen skal verte både givande og interessant. Vi har difor starta ein eigen klubb for dei, der dei har sitt eige opplegg på faste dagar med spanande prosjekt tilpassa deira ynskje og behov.
Meir informasjon om SFO i grunnskulane kan du lese på nettsida.
Kontaktinformasjon:
SFO: 415 96516
SFO-kontor: 70084609
SFO-koordinator, Annette Seljeseth : 93 83 47 79
Adresse: Nærøyvegen 2, 6094 Leinøy
Du finn skulen i dette kartet.
Telefon: 700 84 600 (måndag - torsdag 08:00 – 14:00)
E-post: einedalen.skule@heroy.kommune.no
Rektor: Jan Helge Langerg (Lenk til kontaktinformasjon)
Assisterande rektor: Kjerstin Ringstad (700 84 602)
SFO telefon: 415 96 516