Wenche Moltu
Nerlandsøy skule har 65 elevar og 13 tilsette skuleåret 2026–2027.
Skulen ligg nær naturen, og vi nyttar nærområdet aktivt i opplæringa. Alle trinn har fast uteskule kvar veke.
Vi ønskjer å gi elevane ei variert opplæring som tek omsyn til ulike behov og føresetnader. Inkludering er satsingsområde i utviklingsplanen vår. Målet er at alle elevar skal oppleve å høyre til og vere ein del av fellesskapet.
Eit godt samarbeid mellom heim og skule er viktig for elevane si læring og trivsel. Føresette kjenner barna sine best og har stor påverknad på utviklinga deira. Vi ønskjer eit tett samarbeid med heimane og er opptekne av at alle føresette skal kjenne seg inkluderte og høyrde.
På skulen legg vi vekt på å sjå og byggje vidare på det som fungerer godt. Vi trur at elevar utviklar seg best når dei får positive tilbakemeldingar og anerkjenning. Difor er LØFT-metodikken ei viktig rettesnor i det daglege arbeidet vårt.
Eit godt arbeidsmiljø er også viktig for dei tilsette. Når medarbeidarane trivst og kjenner seg inkluderte, er det lettare å vere motiverte og utføre arbeidet på ein god måte. Vi arbeider derfor kontinuerleg med å utvikle og ta vare på eit trygt, inkluderande og godt arbeidsmiljø.
SFO (skulefritidsordninga)
Skulen tilbyr SFO etter skuletid.
Nerlandsøy SFO har, på same måte som skulen, inkludering som satsingsområde skuleåret 2026–2027. Skule og SFO skal opplevast som ein heilskap, og barna skal møte dei same verdiane og den same grunnleggjande praksisen gjennom heile dagen.
Det er viktig å vere ein del av fellesskapet for å kjenne seg trygg og kunne lære og utvikle seg. Barna skal få oppleve at dei både kan bidra og ta imot støtte i samspel med andre.
Vi legg vekt på at barna skal få leike, vere saman med andre på ein positiv måte og møte trygge og omsorgsfulle vaksne.
SFO-koordinator: Aud Ingebrigtsen
Telefon SFO: 481 78 905
Opningstider:
- Måndag til torsdag: til kl. 16.30
- Fredag: til kl. 16.15
Kontaktinformasjon:
Adresse:
Kopperstadvegen 71
6098 Nerlandsøy
Telefon:
Rektor: 700 84 646
Arbeidsrom: 700 84 644
SFO: 481 78 905
Epost : nerlandsoy.skule@heroy.kommune.no
Rektor:
Åse Bårdsnes Dypvik
E-post: ase.bardsnes.dypvik@heroy.kommune.no