SkuleskyssSkuleskyss er ei ordning du kan ha rett på når du er elev i grunnskulen i kommunen. Når kan du få skuleskyssDu har meir enn 4 km avstand mellom heim og skule. For førsteklasse er det 2 km.Bur du nærmare skulen enn avstandane over, kan du ha rett på skyss dersom du:Bur langs ei strekning som i kommunen sitt reglement er omtala som særleg farleg.Er funksjonshemmaMidlertidig skada eller sjuk.Slik søker du:Elevar ved grunnskulen sender søknad til skulenVed delt bustad må du legge ved stadfesting om delt bustad og folkeregistrert adresse.Søknad om tilrettelagt skyss send søknad til skulen, saman med legeerklæring.Skjema finn du på fylket sine nettsider. Husk at søknaden skal leverast til din skule. SkuleskysskortetElevane får utdelt skysskort for den perioden som er innvilga. Elevane leverer inn skysskorta til skulen når perioden er over. Alle kort skal leverast inn før skuleslutt.Eleven kan bruke kortet mellom heim og skule, i skulen si ordinære start- og sluttid.Elevane registrerer kortet i billettmaskina hos sjåføren kvar gong dei går på bussen.Det er veldig viktig å ikkje lage hol i kortet, då vil det slutte å virke.Kort med teknisk feil vert erstatta utan kostnad.Elevane får vere med bussen om dei har gløymt kortet om morgonen, eleven må få eit midlertidig skysskort til heimreisa med skulen.Les meir om retten til skuleskyss i rundskriv frå Utdanningsdirektoratet her.Meir om ordninga kan du lese i kommunen sitt reglement for ordninga. (PDF, 134 kB) Publisert 23.08.2018 13:11 Sist endra 27.09.2024 10:50