Skuleskyss

Skuleskyss

Skuleskyss er ei ordning du kan ha rett på når du er elev i grunnskulen i kommunen. 

Når kan du få skuleskyss

  • Det er 4 km mellom heim og skule. For førsteklasse er det 2 km.
  • Du bur langs ei strekning som i kommunen si lokale forskrift om skuleskyss er omtala som særleg farleg.
  • Dersom du har to heimar (delt bustad).
  • Dersom du har funksjonsutfordringar.
  • Dersom du er midlertidig skada eller sjuk.

Slik søker du:

  • Alle skal nytte skjema som ligg på  fylket sine nettsider. 
  • Søknaden skal sendast til kommunen på sikker e-dialog.
  • Dersom søknaden gjeld funksjonsutfordringar eller midlertidig skade eller sjukdom, skal det leggast ved legeerklæring.
  • Dersom søknaden gjeld delt bustad, skal det leggast ved stadfesting på det.

Skuleskysskortet

  • Elevane får utdelt skysskort for den perioden som er innvilga. Elevane leverer inn skysskorta til skulen når perioden er over. Alle kort skal leverast inn før skuleslutt.
  • Eleven kan bruke kortet mellom heim og skule, i skulen si ordinære start- og sluttid.
  • Elevane registrerer kortet i billettmaskina hos sjåføren kvar gong dei går på bussen.
  • Det er veldig viktig å ikkje lage hol i kortet, då vil det slutte å virke.
  • Kort med teknisk feil vert erstatta utan kostnad.
  • Elevane får vere med bussen om dei har gløymt kortet om morgonen, eleven må få eit midlertidig skysskort til heimreisa med skulen.

 

Les meir om retten til skuleskyss i rundskriv frå Utdanningsdirektoratet her.

Meir om ordninga kan du lese i kommunen sitt reglement for ordninga. (PDF, 134 kB)

Rutetidene for skulebussen (PDF, 217 kB)

Kontakt

Brit-Synnøve Torvik
fagleiar Oppvekst
Telefon 70 08 13 86