Bli med på Ti på topp

Flyktning

Flyktning

Herøy kommune har gjennom mange år tatt imot flyktningar. Kvalifiseringssenteret er den avdelinga som gjennomfører busetting og opplæring av dei som flytter hit.

Kven er vi?

Vi er flyktningkonsulent, programrådgjevar og miljøterapeut. For tida er vi tre tilsette i tillegg til felles leiar med Internasjonal skule.

Kvar er vi?

Vi er samlokaliserte med Internasjonal skule. Du finn oss på Bergsøy skule, Borga. Vi vart samorganiserte med Internasjonal skule 01.01.2019.

Kva gjer vi?

Våre oppgåver er:

  • Å ta i mot og hjelpe flyktningar i etableringsfasen slik at integreringsprosessen blir best muleg for den enkelte
  • Tilby og ha ansvar for introduksjonsprogram for den enkelte mellom 18 og 67 år. Du kan melde deg på her. Det varer vanlegvis i to år, men kan avsluttast tidlegare eller vare i inntil tre år i enkelte høve. Flyktningane får introduksjonsstønad i denne perioden. Kvar deltakar har sin individuelle plan.
  • Gi praktisk hjelp, råd og rettleiing.
  • Samarbeide med andre instansar for å bidra til norskopplæring/skule/utdanning og arbeid/sysselsetting.

Kor mange flyktningar tek Herøy kommune  i mot ?

Kommunestyret vedtek årleg kor mange flyktningar som skal busettast i kommunen.

 

Kontakt

Lilly Arlen Larsen
leiar
E-post
Mobil 93 22 11 31