Kvalifiseringssenteret for innvandrar i Herøy kommune skal etter Integreringslova kvalifisere innvandrar i norsk, samfunnskunnskap, livsmestring, utdanning og arbeid
Kvart år får Herøy kommune mange nye innbyggjarar frå ulike nasjonalitetar, og målet er at fleire skal få varig fotfeste i norsk arbeidsliv og identitet til Herøy kommune. Kvalifiseringssenteret for innvandrarar koordinerar dette arbeidet gjennom opplæring i skule og introduksjonsprogram.
Vi arbeidar og samhandlar i eit rikt mangfaldig miljø, og har fokus på integrering og tilhørighet i lokalmiljøet. Kvalifiseringssenteret samarbeidar tverfagleg med arbeidsplassar, frivillige, andre kommunale tenester, lag og organisasjonar.