Kva er PPT?Kvar kommune skal ha ei Pedaogisk-Psykologisk teneste (PP-teneste). PP- tenesta er kommuna sin rådgjevande og sakkunnige instans i saker som gjeld barn og unge sitt oppvekstmiljø. PP-tenesta sitt mål PP-tenesta arbeider førebyggande og i nært samarbeid med barnehage og skole og føresette. Vårt mål er at alle barn og unge skal få gode opplærings- og utviklingsmoglegheiter. PP-tenesta skal hjelpe barn, elever, lærekandidatar, lærlingar, med behov for særskilt tilrettelegging. Hensikten er at dei får eit inkluderande, likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PP-tenesta sitt mandat PP- tenesta sitt mandat er å skal hjelpe skulen og barnehagen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvkling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov. PP-tenesta skal også hjelpe barnehagar og skoler med å legge til rette for barn og elever med særskilte behov. PP – tenesta som sakkunnig instans Føresette, unge og vaksne kan ta direkte kontakt med PP-tenesta. Det vanlegaste er likevel å ta kontakt i samabeid med barnehage, skule eller ein annan instans. Desse instansane kan berre kontakte PPT dersom personen sjølv eller føresette gir skriftleg samtykke. Styrer i barnehagar og rektor ved skoler kan i tillegg tilvise til PPT ved behov for bistand med kompetanseheving eller organisasjonsutvikling. Kva kostar tenesta? Tenesta er gratis Besøksadresse: Rådhusgata 7 Publisert 21.09.2018 15:43 Sist endra 03.02.2022 13:59