SFO

SFO

SFO (skulefritidsordning) er eit tilbod etter skuletid ved alle barneskular i Herøy, og nokre skular kan også tilby SFO om morgonen. Tilbodet i dei ulike  krinsane er avhengig av etterspurnaden. I feriane (haust, vinter og sommar) er det tilbod om SFO ved Bergsøy skule, dersom det er nok søkjarar til ordninga (min 6 barn kvar dag).  Tilbodet gjeld alle barn i kommunen. 

Kven kan få tenesta? 

SFO er for barn i 1. – 4. klasse og for barn med spesielle behov i 5. – 7. klasse.  Plass blir tildelt etter søknad. 

Kva kan du forvente?

Tilsette ved skulefritidsordninga skal gi borna omsorg og tilsyn. Dei skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna. Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår.

Innhaldet i SFO er styrt etter nasjonal Rammeplan.  Herøy har utvikla ein eigen rammeplan som  gjeld frå hausten 2022. (PDF, 2 MB)

Kva kostar det?

Prisen for SFO er inndelt i tre grupper skuleåret 2024/2025.

SFO- prisar frå 01.08.23
Plasstype
Tid
Pris pr. 01.08.24, ordinær pris
Pris med gratis kjernetid
Gruppe 1 inntil 10 timar/veke Kr. 1 849,- Kr. 0,-
Gruppe 2 inntil 14 timar/veke Kr. 2 653,- Kr. 433,-
Gruppe 3 15 timar eller meir Kr. 3 228,- Kr. 1 008,-
Kjøp av timar Kr. 150,-

Dette gjeld:

  • Det vert rekna 25% rabatt på barn nr. 2 og fleire
  • SFO om morgonen er berre aktuelt for dei med plass gruppe 2 og 3
  • Matpengar kan kome i tillegg
  • Dersom barnet blir henta etter stengetid, og såleis utløyser overtid for tilsette, vil ein bli belasta med kr 100,- pr. halve time.

 

Frå 01.08.25 gjeld dette:

Prisen for SFO er inndelt i to grupper.

Prisar SFO frå 01.08.25

Prisar SFO frå 01.08.25
Plasstype
Tid
Pris pr. 01.08.25
Pris med gratis kjernetid
Gruppe 1 12 timar/veke Kr. 2 740,- Kr. 0,-
Gruppe 2 Full plass Kr. 3 914,- Kr. 1 174,-
Kjøp av timar Kr. 150,-

Matpengar kan kome i tillegg.

Ein gjer avtale med sin lokale SFO korleis timane skal nyttast.  Opphaldstida skal vere fast kvar veke.

Dersom barnet blir henta etter stengetid, og såleis utløyser overtid for tilsette, vil ein bli belasta med kr 150,-.

Moderasjonar:

  • Reduserst foreldrebetaling for heimar med låg inntekt.
  • Syskjenmoderasjon for barn nr. 2 og oppover.
  • Gratis kjernetid for elevar på 1.-3. trinn.
  • Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7. trinn.

 

Ferie

Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane er det eigne prisar.  Ein får tildelt plass etter eigen søknad.  Tilbudet blir annonsert på kommunen si heimeside og i foreldreappen.  Det er eigne prisar for SFO i feriane.

Ferieprisar 2024 og 2025
Plasstype
Ordinær pris
Pris med gratis kjernetid
Veke Kr. 1 548 Kr. 1 084,-
Dag Kr. 371,- Kr. 260,-

Prisar etter 01.08.25:

Ferie SFO etter 01.08.25
Plasstype
Ordinær pris
Pris med gratis kjernetid
Veke Kr. 1 640,- Kr. 1 148,-
Dag Kr. 393,- Kr. 275,-

Dette gjeld for opphald i ferie:

  • Det er ikkje syskjenmoderasjon i ferieordninga
  • Det er ikkje høve til kjøp av enkle timar i ferieordninga
  • Det er gratis kjernetid også i ferieopphald
  • Opningstida er 08.00-16.00


 

Korleis få plass eller endre plass i SFO ?

Ønsker du at ditt barn skal ha plass i SFO, må du levere søknad.  Frist for å søkje plass for barn som skal byrje i 1. klasse er 15. april.  Du kan søkje plass gjennom heile året, men er då ikkje garantert plass.  Du treng ikkje søkje kvart år. Når barnet har fått plass, gjeld tildelinga til barnet er ferdig med fjerde klasse.  Dersom barnet skal ha endra timetall i SFO eller seie opp, må du sende ny søknad om dette.  

Det er bestemte kriterium til endring og oppseiing av plass.  Dette finn du omtalt i vedtektene. 

Frå 01.08.25 er det nye forskrifter om SFO. (PDF, 126 kB)

Når kan du vente svar?

Alle søknader blir behandla fortløpande og i høve til vedtektene. Du vil få ein SMS om tildeling av plass.

Kontakt

Brit-Synnøve Torvik
fagleiar Oppvekst
E-post Send e-post til Brit-Synnøve Torvik
Telefon 70 08 13 86