Kven kan få tenesta?
SFO er for barn i 1. – 4. klasse og for barn med særleg behov i 5. – 7. klasse. Plass blir tildelt etter søknad.
Kva kan du forvente?
Tilsette ved skulefritidsordninga skal gi borna omsorg og tilsyn. Dei skal legge til rette for leik, kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna. Barn med funksjonsutfordringar skal gjevast gode utviklingsvilkår.
Innhaldet i SFO er styrt etter nasjonal Rammeplan. Herøy har utvikla ein eigen rammeplan som gjeld frå hausten 2022. (PDF, 2 MB)
Kva kostar det?
Frå 01.08.26 gjeld dette:
Prisen for SFO er inndelt i to grupper.
2026: Prisar frå 01.08.2026-31.07.2027
Matpengar kan kome i tillegg.
Ein gjer avtale med sin lokale SFO korleis timane skal nyttast. Opphaldstida skal vere fast kvar veke.
Dersom barnet blir henta etter stengetid, og såleis utløyser overtid for tilsette, vil ein bli belasta med kr 150,-.
Moderasjonar:
- Reduserst foreldrebetaling for heimar med låg inntekt.
- 25 % syskjenmoderasjon for barn nr. 2 og oppover.
- Gratis kjernetid for elevar på 1.-3. trinn.
- Gratis SFO for barn med særskilde behov på 5.-7. trinn.
Ferie
Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane er det eigne prisar. Ein får tildelt plass etter eigen søknad. Tilbudet blir annonsert på kommunen si heimeside og i foreldreappen. Det er eigne prisar for SFO i feriane.
2026: Ferie SFO frå 01.08.26-31.07.27
Dette gjeld for opphald i ferie:
- Det er ikkje syskjenmoderasjon i ferieordninga
- Det er ikkje høve til kjøp av enkle timar i ferieordninga
- Det er gratis kjernetid også i ferieopphald
- Opningstida er 08.00-16.00
Korleis få plass eller endre plass i SFO ?
Ønsker du at ditt barn skal ha plass i SFO, må du levere søknad. Frist for å søkje plass er 15. april for barn som skal byrje i 1. klasse og for barn på 5.-7. trinn med rett på SFO. Når barnet har fått plass, gjeld tildelinga til barnet er ferdig med fjerde klasse. Dersom barnet skal ha endra timetall i SFO eller seie opp, må du sende ny søknad om dette.
Det er bestemte kriterium for endring og oppseiing av plass. Dette finn du omtalt i vedtektene.
Frå 01.08.25 er det nye forskrifter om SFO. (PDF, 99 kB)
Når kan du vente svar?
Alle søknader blir behandla fortløpande og i høve til vedtektene. Du vil få ein SMS om tildeling av plass.