Bli med på Ti på topp

SFO-ferietilbod

SFO-ferietilbod

SFO si opningstid er i samsvar med skuleruta for grunnskulen. Mot ekstra betaling har SFO ved Bergsøy skule ope ca. 5 veker i skulane sine feriar.

Tilbodet gjeld i feriar:

  • frå 1. august og til skulestart
  • i haust- og vinterferien
  • frå skuleslutt og ut juni månad

Tilbodet krev minimum 6 påmelde born dagleg.

Ferietilbodet er ope for elevar frå alle krinsane. Du søker i foreldreportalen Vigilo.no

 

Søknadsfristar:

For opphald i haustferien og vinterferien: 14 dg før.

For opphald i juni og august: 31. mai

 

Opningstida i SFO utanom skuleruta er i tida 08:00-16.00.

 

 

Kontakt

Brit-Synnøve Torvik
fagleiar Oppvekst
E-post
Telefon 70 08 13 86