Onsdag klokka 12: Test av naudvarsel

SFO-vedtekter

SFO-vedtekter

Vedtektene for skulefritidsordningane gjeldane frå 01.08.2025.

§ 1  RETNINGSLINER

a.    Drifta av skulefritidsordningane (SFO) skal vere i samsvar med lov og forskrift (Jfr. opplæringslova § 4-5).

b.    SFO skal drivast etter retningsliner som er vedtekne i kommunestyret.

c.    SFO er eit tilbod til elevar på 1. – 4. trinn, og for born med særskilde behov på 1. – 7. trinn.

d.    Areala ute og inne skal vere eigna til formålet.

e.    SFO er eit frivillig tilbod i elevane si fritid, og foreldra må sjølve syte for evt. skyss av   elevane.

f.     SFO skal drivast med utgangspunkt i den lokale rammeplanen.

g.    Kommunen sine skulereglar gjeld også i SFO.

 

§ 2    FORMÅL

a.     SFO skal legge til rette for leik , kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna.

b.     SFO skal gi borna omsorg og tilsyn.

c.      Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår.

 

§ 3    EIGARTILHØVE

a.   Herøy kommune eig og driv skulefritidsordningane i kommunen.

b.   Ordninga vert administrert av sektor oppvekst.

 

§ 4    LEIING, STYRING OG ANSVAR

a.     Rektor har det overordna administrative og pedagogiske ansvaret for SFO ved sin skule.

b.    SFO har i tillegg ein assistent/fagarbeidar med koordineringsansvar.  Det vert ikkje stilt krav om høgskuleutdanning for koordinator, men utdanning innan barne- og ungdomsarbeid er forventa.

  

§ 5  BEMANNING

a.   I tillegg til koordinator, skal det tilsetjast assistentar/fagarbeidarar som til saman utgjer ei grunnbemanning etter   regelen 15 barn per vaksen.

b.   Rektor står fritt til å organisere SFO innanfor skulen sine tildelte ressursar.  Bruk av ressursar må til ei kvar tid vegast   opp mot tryggleiken til borna.  Som utgangspunkt for tilbod om morgonen, kan rektor krevje minst tre born kvar dag.

c.   Rektor er ansvarleg for at SFO-tilbodet vert organisert på ein forsvarleg måte.

d.  Personalet må legge fram politiattest før tilsetjing (Jfr. § 17-11 i opplæringslova).

 

§ 6  INNTAK AV BORN


a.   Føresette sender søknad om plass i foreldreportalen i www.vigilo.no

      Søknadsfrist for hovudopptak er 15. april.

b.   SFO-året er delt i 3 periodar:
                    1) august – november 3,5 mnd.  

                    2) desember – februar 3 mnd. 

                    3) mars – juni 3,5 mnd. 

c.  Oppvekst gjer opptaket og sender melding og ber om stadfesting.  Når plassen er stadfesta og aktivisert, eig eleven   plassen til føresette seier den opp (automatisk oppseiing etter 4.trinn).       NB! Så lenge plassen ikkje er sagt opp innan rette fristar (§ 6b), blir det fakturert for plassen og føresette må betale for den.  Eventuell klage skal leggast fram for administrasjonen i sektor oppvekst.

d.  Kommunen tek atterhald om at det er nok søkjarar til at SFO kan kome i gang i krinsen.

I dei høve SFO ikkje har plassar nok til alle som søkjer i krinsen, må det gjerast ei prioritering etter følgjande kriterium:

  • Born som treng spesiell omsorg og støtte.
  • Borna sin alder, 1. årstrinn får prioritet.
  • Born av einslege forsytarar.
  • Sjukdom i heimen.
  • Vanskelege bu- og leiketilhøve.
     

e.  Born som ikkje får plass etter hovudopptaket, vert sette på venteliste i den rekkefølgje søknadane kjem inn. Det bør setjast av plassar til dei som evt. vinn fram med ei klage.

 

§ 7    OPNINGSTIDER

a.   SFO si opningstid er i samsvar med skuleruta for grunnskulen.

     Rektor bestemmer opningstida ved sin skule jfr. § 5b.

b.   Plassalternativ:

             1) Inntil 12 timar i veka 

             2) Full plass

c.  SFO kan ha tilbod om morgonen før skuletid. 

     Eit slikt tilbod må vegast opp mot ressursar i det totale tilbodet.

 

§ 8    FERIE

a.  Mot ekstra betaling har SFO ved Bergsøy skule ope ca. 5 veker i skulane sine feriar:

  • frå 1. august og til skulestart
  • i haust- og vinterferien
  • frå skuleslutt og ut juni månad

      
    Tilbodet krev minimum 6 påmelde born dagleg.

b.  Ferietilbodet er ope for elevar frå alle krinsane.  Ein søkjer om ferieopphald i foreldreportalen i    www.vigilo.no.       Søknadsfrist er 14 dagar før haust- og vinterferie.  For juni og august er søknadsfristen 31. mai. Påmelding er bindande og ein må betale for plassen dersom den ikkje blir nytta.

c.   Opningstida i ferie-SFO er 8 timar per dag, klokka 08.00 – 16.00.

 

§ 9    FORELDREBETALING

a.  Kommunestyret fastset satsane for foreldrebetalinga i samband med handsaming av budsjettet kvart år. Satsane følgjer skuleåret.

b.  Moderasjonsordningar i SFO:

  • 25% søskenmoderasjon for barn nummer to og evt. fleire barn frå same heim.
  • Redusert foreldrebetaling med bakgrunn i dokumentert inntekt. Søknad i foreldreportalen i www.vigilo.no

12 timar gratis kjernetid for alle på 1., 2. og 3. trinn.

c.   I dei avdelingane ein nyttar seg av foreldrebetalte trivselstiltak og/eller matpengar, skal slik betaling fakturerast   månadleg.  Dersom barnet blir henta for seint, slik at det utløyser utvida opningstid, vil ein bli belasta med eit gebyr på kroner 150,- per påbegynt time. 

d.  Betalinga er rekna ut etter 38 veker – som skuleruta, og blir fordelt på 10 utsende krav:  ingen krav for juli og august, krav for heile månader i september – juni.  Born som sluttar i løpet av skuleåret, blir fakturert for opphald dei hadde i SFO i august på siste faktura.

e.  Tilbod i ferien (§ 8) kjem i tillegg til dei 38 vekene ein betalar for etter § 8b.  Ein blir fakturert for opphald i feriane i   påfølgjande månad.  Gratis kjernetid gjeld også i feriane og er utrekna til 2,4 timar per dag (12 timar for 5 dagar/ei veke).
 

§ 10  OPPSEIING OG ENDRING AV PLASS

a.  Oppseiing og endring av plass skal gjerast i foreldreportalen i www.vigilo.no

b.  Ved innmelding  bind ein seg til periodar jfr § 6b-c
             Periode 1: frå skulestart til 30. november.  
             Periode 2: frå 1. desember til 28./29. februar.
             Periode 3: frå 1.mars til ut skuleåret.

c. Oppseiingsdatoar - seinast:

 31. mai for periode 1 (gjeld alle med aktiv plass)

        30. september for periode 2

        31. desember for periode 3


d.   Kommunen kan seie opp plassar det ikkje vert betalt for.  Innkrevjing av uteståande beløp skal   skje etter kommunen sine retningsliner. Det blir sendt ut varsel om oppseiing av plass til føresette og rektor ved den aktuelle skule med oppmoding om å kome i dialog med økonomiavdelinga om ei betalingsordning.  Dersom dette ikkje skjer, vil plassen og fakturering opphøyre frå den første heile månaden etter siste fakturering.  Alle spørsmål vedkomande betaling, skal rettast til økonomiavdelinga.   

 

§ 11  NEDLEGGING AV SFO-ORDNING

Kommunen kan legge ned/endre drifta av ei skulefritidsordning i skuleåret med ei månads varsel.

 

§ 12  ANSVAR

a.     Skulefritidsordningane har ansvar for eleven i den tildelte opphaldstida.

b.     Herøy kommune har kollektiv ulykkesforsikring for elevane i den tida dei er i SFO.

c.     Internkontrollsystemet for skulen omfattar også SFO.

 

§ 13  FORELDREMØTE

Det bør haldast minst to foreldremøte per år. Første møtet skal haldast tidleg i haustsemesteret.

 

§ 14  TEIEPLIKT

Alle som arbeider i skulefritidsordningane, har teieplikt etter Forvaltningslova § 13.