Lokal kampanje: 4 tips til 65+

SFO-vedtekter

SFO-vedtekter

Vedtekter for skulefritidsordningane (SFO).

§ 1 Retningsliner

     a. Drifta av skulefritidsordningane (SFO) skal vere i samsvar med lov og forskrift. (Jfr. Opplæringslova § 13-7)

     b. SFO skal drivast etter retningsliner som er vedtekne i kommunestyret.

     c. SFO er eit tilbod til elevar på 1. – 4. trinn, og for born med særskilde behov på 1. – 7. trinn.

     d. Areala ute og inne skal vere eigna til formålet.

     e. SFO er eit frivillig tilbod i elevane si fritid, og foreldra må sjølve syte for ev. skyss av elevane.

§ 2 Formål

      a. SFO skal legge til rette for leik , kultur- og fritidsaktivitetar med utgangspunkt i alder, funksjonsnivå og interesser hos borna.

      b. SFO skal gi borna omsorg og tilsyn.

      c. Funksjonshemma barn skal gjevast gode utviklingsvilkår.

§ 3 Eigartilhøve

      a. Herøy kommune eig og driv skulefritidsordningane i kommunen.

      b. Ordninga vert administrert av skuleavdelinga.

§ 4 Leiing, styring og ansvar

      a. Rektor har det overordna administrative og pedagogiske ansvaret for SFO ved sin skule.

      b. SFO har i tillegg ein dagleg leiar, eller ein assistent med koordineringsansvar.  Det vert ikkje stilt krav om høgskuleutdanning for dagleg leiar, men utdanning innan barne- og ungdomsarbeid eller tilsvarande.

      c. Leiar for skulefritidsordninga skal kallast inn til møte i SU ved skulen i saker som gjeld skulefritidsordninga. Han/ho har då tale- og forslagsrett.

§ 5 Bemanning

      a. I tillegg til dagleg leiar/assistent med koordineringsoppgåver skal det tilsetjast assistentar etter behov.

      b. Skulane står fritt til å organisere SFO innanfor skulen sine tildelte ressursar til ordninga.  Bruk av ressursar må til ei kvar tid vegast opp mot tryggleiken til borna.  Som utgangspunkt for tilbod om morgonen må det vere minst tre born kvar dag, og ein må nytte seg av alternativ 2 eller 3, jfr.§7b. 

      c. Rektor er ansvarleg for at SFO-tilbodet vert organisert på ein forsvarleg måte.

      d. Personalet må legge fram politiattest før tilsetjing. Jfr. § 10-9 i Opplæringslova.

§ 6 Inntak av born

      a. Foreldre sender søknad på elektronisk skjema. Søknadsskjema og vedtekter ligg på kommunen sine heimesider. Søknadsfrist er 1.april.

      b. SFO-året er delt i 3 periodar 1) aug.-nov. 3,5 mnd.  2) des.-feb. 3 mnd.  3) mars-juni 3,5 mnd

      c. Oppvekst gjer opptaket og gir melding. Når ein elev har fått plass, har barnet plassen til føresette seier den opp (automatisk oppseiing etter 4.trinn). Eventuell klage skal leggast fram for leiar i skuleavdelinga. Kommunen tek atterhald om at det er nok søkjarar til at SFO kan kome i gang i krinsen.

       d. I dei høve SFO ikkje har plassar nok til alle som søkjer i krinsen, må det gjerast ei prioritering etter følgjande kriterium:

  1. Born som treng spesiell omsorg og støtte
  2. Borna sin alder, 1. årstrinn får prioritet
  3. Born av einslege forsytarar
  4. Sjukdom i heimen
  5. Vanskelege bu- og leiketilhøve

      e. Born som ikkje får plass etter hovudopptaket, vert sette på venteliste i den rekkefølgje søknadene kjem inn.

      f. Det bør setjast av plassar til klage.

§ 7 Opningstider

     a. SFO si opningstid er i samsvar med skuleruta for grunnskulen.

     b. Opningstida er inndelt i 3 alternativ for opphald:

  1. inntil 10 t/veka
  2. 11 – 14 t/veka
  3. 15 t/veka og meir

      c. SFO kan ha tilbod om morgonen før skuletid.  Eit slikt tilbod må vegast opp mot ressursar i det totale tilbodet jfr. §7b. 

§ 8 Ferie

     a. Mot ekstra betaling har SFO ved Bergsøy skule ope ca. 5 veker i skulane sine feriar:

  • frå 1. august og til skulestart
  • i haust- og vinterferien
  • frå skuleslutt og ut juni månad

Tilbodet krev minimum 6 påmelde born dagleg.

      b. Ferietilbodet er ope for elevar frå alle krinsane. Søknad skal rettast til Bergsøy skule.  Bruk elektronisk skjema som ligg på Herøy kommune si heimeside.  Søknadsfrist er 14 dagar før haust- og vinterferie.  For juni og august er søknadsfristen 31. mai.  Påmelding er bindande og ein må betale for plassen dersom den ikkje blir nytta.

      c. Opningstida i SFO utanom skuleruta er 8 t/dag, 08.00 – 16.00.

§ 9 Foreldrebetaling

       a. Kommunestyret fastset satsane for foreldrebetalinga i samband med budsjett-behandlinga kvart år. Satsane følgjer skuleåret.

       b. Moderasjonsordningar i ordinær SFO (skuleruta):

  • 25% søskenmoderasjon for 2. og ev. fleire barn frå same heim.
  • Redusert foreldrebetaling med bakgrunn i dokumentert inntekt. Søknad.
  • 12 timar gratis kjernetid for alle i 1. klasse.
  • Gratis SFO for elever med særskilte behov på 5.–7. trinn

§ 10 Oppseiing og endring av plass

      a. Oppseiing/endring av plass skal skje elektronisk i tenesta Vigilo.

      b. Ved innmelding bind ein seg til bestemte periodar jfr. §6b:

Periode 1: frå skulestart til 30. november.

Periode 2: frå 1. desember til 28./29. februar.

Periode 3: frå 1.mars til ut skuleåret.

     c. Oppseiingsdatoar - seinast:

Periode 1: 31. mai              

Periode 2: 30. september

Periode 3: 31. desember 

NB! Tildelt plass i SFO gjeld til plassen blir sagt opp eller til barnet er ferdig med fjerde klassetrinn.

      c. Kommunen kan seie opp plassar det ikkje vert betalt for.  Innkrevjing av uteståande beløp skal skje etter kommunen sine retningsliner. Det blir sendt ut varsel om oppseiing av plass til føresette og rektor ved den aktuelle skule med oppmoding om å kome i dialog med økonomiavdelinga om ei betalingsordning.  Dersom dette ikkje skjer, vil plassen og fakturering opphøyre frå første heile månad.  Alle spørsmål vedkomande betaling, skal rettast til økonomiavdelinga i Herøy kommune.

§ 11 Nedlegging av SFO-ordning

Kommunen kan legge ned/endre drifta av ei skulefritidsordning i skuleåret med ei månads varsel.

§ 12 Ansvar

      a. Skulefritidsordningane har ansvar for eleven i den tildelte opphaldstida.

      b. Herøy kommune har kollektiv ulykkesforsikring for elevane i den tida dei er i SFO.

      c. Internkontrollsystemet for skulen omfattar også SFO.

§ 13 Foreldremøte

Det bør haldast minst to foreldremøter pr. år. Første møtet skal haldast tidleg i haustsemesteret.

§ 14 Teieplikt

Alle som arbeider i skulefritidsordningane, har teieplikt etter Forvaltningslova § 13.