Brannvern i heimen

Brannvern i heimen

God branntryggleik handlar om både rett utstyr og gode rutinar. Som bustadeigar og bebuar har du ansvar for å førebygge brann og sikre at du kan handtere ein brannsituasjon.

Kva seier regelverket?

Etter forskrift om brannforebygging skal alle bustader ha:

  • fungerande røykvarslarar
  • eigna sløkkjeutstyr

Eigar av bustaden har ansvar for at dette er på plass, medan den som bur i bustaden har ansvar for dagleg oppfølging og bruk.

Regelverket stiller krav til at utstyret skal fungere, men ikkje til kor ofte du skal gjennomføre kontrollar. Sjekklista nedanfor er basert på anbefalt praksis for eigenkontroll.

Sløkkjeutstyr i bustaden

Du må ha minst eitt av følgjande sløkkjemiddel:

  • Huskbrannslange (skal rekke til alle rom)
  • Pulverapparat på minst 6 kg (ABC)
  • Skum- eller vassapparat: 
    • minst 9 liter, eller
    • minst 6 liter med effektklasse 21A
  • Anna utstyr med tilsvarande sløkkjekapasitet

Sløkkeutstyret skal:

  • vere lett tilgjengeleg
  • vere synleg
  • kunne brukast i alle delar av bustaden

I større bustader eller bustader med fleire etasjar bør du ha fleire sløkkjemiddel.

Røykvarslarar

  • Det skal vere minst éin røykvarslar i kvar etasje
  • Du bør ha varslarar i eller nær soverom
  • Varslarane bør vere kopla saman slik at alle alarmar går samtidig

 

Sjekkliste for brannvern

Dagleg

  • Ikkje forlat komfyren under matlaging
  • Sløkk levande lys når du forlèt rommet
  • Lad elektrisk utstyr på ein trygg måte

 

Jamleg (til dømes månadleg)

  • Test røykvarslarane
  • Sjekk sløkkjeutstyret: 
    • trykkmålar i grønt
    • ingen synlege skadar
  • Sjå etter varmgang i elektrisk utstyr

 

Årleg

  • Bytt batteri i røykvarslarar
  • Gå gjennom brannvernrutinar i husstanden
  • Fjern støv frå røykvarslarar (støvsug forsiktig)

 

Kvart 5. år (anbefalt)

  • Få kontroll av slokkeapparat utført av fagperson
  • Vi anbefaler også el-sjekk av bustaden jamleg, til dømes kvart 5. år

 

Kvart 10. år (eller etter produsent)

  • Utfør full service eller bytt slokkeapparat
  • Bytt ut røykvarslarar

 

Brannøving

  • Øv på kva de skal gjere ved brann, gjerne ein gong i halvåret
  • Avtal møtestad ute
  • Sørg for at alle kjenner rømmingsvegane

 

Ansvar

  • Eigar av bustaden:
    • sørger for røykvarslarar og sløkkjeutstyr
  • Den som bur i bustaden:
    • sørger for testing, vedlikehald og trygg bruk

 

Gode råd for betre tryggleik

  • Ha eitt sløkkjeapparat i kvar etasje
  • Plasser sløkkjeutstyr nær utgang
  • Ha brannteppe på kjøkkenet
  • Unngå overbelastning av straumuttak
  • Bruk kvalifisert fagperson ved elektrisk arbeid

 

Hugs

  • Brann utviklar seg raskt – tidleg reaksjon er avgjerande
  • Rett utstyr hjelper berre dersom du finn det raskt og veit korleis det fungerer

 

På nettsida til Brannverforeningen vil du finne informasjon om branntrygging i heimen på ulike språk. Her vil du også finne filmar om temaet.