Eldstad og skorstein

Eldstad og skorstein

Når du installerer ny eldstad, gjer endringar eller fjernar eldstad, skal dette meldast til kommunen:

 

 Dette er viktig for at vi skal:

  • ha oversikt over fyringsanlegg i kommunen
  • kunne planleggje feiing og tilsyn
  • bidra til trygg bruk av eldstader 

 

Feiing og tilsyn

Kommunen sørgjer for feiing og tilsyn med fyringsanlegg.

Dette skjer etter ei vurdering av behov og risiko. Det finst ikkje faste intervall.

Vi vurderer mellom anna:

  • kor mykje eldstaden blir brukt
  • sotmengde
  • type anlegg
  • tilstand og alder

 

Nokre får tilsyn oftare, andre sjeldnare.

Krav til eldstad

Eldstader som blir installerte skal:

  • vere dokumenterte og godkjende (t.d. CE-merkte)
  • vere monterte etter gjeldande reglar

 

Kan du montere sjølv?

Du kan i mange tilfelle montere eldstad sjølv, men:

  • arbeidet må vere fagleg forsvarleg
  • enkelte tiltak (t.d. skorstein) er søknadspliktige
  • feil montering kan føre til brannfare

 

Vi anbefaler å bruke fagpersonar.

Kvifor er dette viktig?

Feil bruk eller dårleg vedlikehald av fyringsanlegg er ei vanleg årsak til bustadbrann.

Feiing og tilsyn skal:

  • førebyggje pipebrann
  • avdekkje feil og manglar
  • bidra til trygg fyring