Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Eldstad og skorstein

Eldstad og skorstein

Dersom du installerer, fjernar eller endrar eldstad, skal du melde frå til Herøy brann og redning. Du melder frå ved å sende inn skjema: 

 

Dersom eldstaden ikkje er meldt inn, har ikkje brannvesenet grunnlag for å utføre feiing eller tilsyn. Du finn også kontaktinformasjon nedst på sida. 

Kan eg montere eldstad sjølv?

Det stillast ingen formelle krav til den som skal sette opp ein eldstad, men vi anbefaler likevel at du nyttar kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet. Monteringsrettleiinga skal følgjast ved montering, og oppbevarast som dokumentasjon for eldstaden ved seinare bustadtilsyn.

Ny eldstad

• Kjøp eldstad som dekkjer effektbehovet i bustaden. Anbefalt 60-80 w pr m2. 

• Godkjent eldstad skal ha:

  •  Bruks- og monteringsanvisning på norsk eller eit anna skandinavisk språk. 
  •  CE-merket.
  •  Godkjenning etter NS EN 13240, 13229, 15250 eller 12815.
  •  Rentbrennande eigenskapar (jfr utsleppskrav i NS 3059 og 3058).
  •  Test utført hjå akredditert selskap for partikkelutslepp.

          SP fire (Noreg og Sverige)

         Teknologisk institutt (Danmark)

         Rhein Ruhr Feuerställe (Tyskland).

 Montering og rehabilitering av skorstein

Montering og rehabilitering av skorstein er søknadspliktig arbeid. Her må eit ansvarleg, kvalifisert føretak stå føre både søknaden og sjølve arbeidet.