Lokal kampanje: 4 tips til 65+

Feiing frå tak

Feiing frå tak

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Tilrådd løysing:

Dersom ein vel at feiing skal utførast frå tak, må følgjande krav tilfredsstillast. Feiaren tilrår denne løysinga då feiing kan utførast utan at eigar/brukar er til stades og faren for at det kjem sot/skitt i bygninga reduserast.

Bilde av stige sett opp og det er klart for feiing. - Klikk for stort bileteBilde av stige Illustrasjonsfoto

1. Husstigen må vere godkjent og lett tilgjengeleg (ledda- og teleskopstige,    aksepterast ikkje). Den skal vere så lang at den rekk minimum 1 meter over     taket/takrenna.

 

 

 

 

Trinn på tak - Klikk for stort bileteTrinn på tak Illustrasjonsfort

2. Alle tak med helling utover skal ha takstige/-trinn (dersom der ikkje liggje føre ein risikovurdering). Takstige/- trinn skal vere godkjent og montert i samsvar med monteringsrettleiinga. (dette betyr m.a. trinna må være samanhengande). Takstige/-trinn må vere så lang at den rekker litt forbi skorsteinens øvre side.

 

 

 

 

Arbeidsplattform - Klikk for stort bileteArbeidsplattform Illustrasjonsfoto

3. Arbeidsplattform eller feieluke må monterast dersom skorsteinen er høgare enn 1,2 meter (målt på skorsteinens øvre side). Der det er fleire  skorsteinar på same takflate, vil det normalt være naudsynt med takbru mellom dei (feiaren bør kontaktast før løysing veljast).

 

 

 

Skorsteinshatt - Klikk for stort bileteSkorsteinshatt Illustasjonsfoto

4. Dersom det er montert skorsteinshatt, bør denne være festa slik at den lett kan takast av utan bruk av verktøy eller ha stor nok opning (opninga bør då være mot feiarens arbeidsstad).