Montering av eldstad

Montering av eldstad

Lurer du på kva som er lov og ikkje lov når det gjeld endring av eksisterande eller montering av ny eldstad?  Her får du nokre svar!

I dag er det eit krav at alle eldstardar skal vere reintbrennande, samt vere testa og godkjent etter fyljande standarder:

  • NS 3059 – Partikkelutslepp
  • NS 13240 - Eldstad for romoppvarming i bustad, fyrt med fast brensel
  • CE-merka

Der eldre bevaringsverdig eldstad er nødvendig av omsyn til interiøret i kulturhistorisk, antikvarisk eller verneverdig bygning, kan bevaringsverdig eldstad likevel takast i bruk. Dette gjeld eldstad som er produsert før 1940. Andre unntak frå kravet kan vere varmemagasinerande eldstad som til dømes klebersteinsomnar og kakkelomnar.

Det stillas ingen formelle krav til montør eller kontrollør av elstad. Brannvesenet anbefaler likevel å nytte ein kvalifisert fagmann, slik at du kan vere trygg på at eldstaden fyl sikkerheitskrav som skal hindre brann. Fyljande krav gjeld ved montering av eldstad:

  • Fyl monteringsanvisninga. Den har viktige sikkerheitskrav som må fyljast.
  • Generelle eldstadsreglar gjeld om ikkje anna er beskrive i  monteringsanvisninga.
  • Skorstein skal vere dimensjonert i forhold til eldstaden.
  • Nye eldstader skal vere godkjent av akkreditert selskap (f.eks. Sintef).
  • Brannmuren må vere minimum 10 cm tjukk og bestå av anten Leca, ytong, siporex eller liknande. 

 

Eigars ansvar

Du er pliktig til å melde frå når ny eldstad er montert eller det er gjort vesentlege endringar på eksisterande eldstad/fyringsanlegg. Herøy brann og redning har eige skjema som skal fyllast ut når du har endra eller installert ny eldstad.

Meir informasjon

Nedanfor finn du nyttig informasjon frå Feiermesterens Landsforening om montering av eldstad, rehabilitering av skorstein og oppføring av ny skorstein: