Stem fram Herøy som årets maritime kommune

Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering og reseksjonering

Seksjonering er å dele opp ein bygning i fleire eigarseksjonar, slik at fleire kan eige kvar sin del av bygninga. Endringar av allereie seksjonerte eigendommar kallas reseksjonering.

Vilkår: 

For å få etablert ein seksjon, må brukseininga(ene) vere godkjend etter plan- og bygningslova sine reglar for det formålet den skal tene. Når det gjeld eksisterande bygningar, medfører dette at pålagte bygningsmessige tiltak må vere gjennomført før seksjonering kan skje.

Slik søkjer du:

Vi anbefaler at firma vert nytta ved søknad om seksjonering.

Seksjonering

Søknadsskjema

Uffyllingsrettleiing til seksjonering

Reseksjonering

Søknadsskjema

Utfyllingsrettleiing til reseksjonering

Kva kostar det?

Betalingssatsane finn du her. (PDF, 287 kB)

Søknad med vedlegg sendast:

Herøy kommune, p.b 274, 6099 Fosnavåg

Når kan eg vente svar?

Lova innfører tidsfristar for kommunen si handsaming av seksjoneringssaker. Sakshandsamingsfristen er 12 veker.

Lov og retningsliner:

Lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven)