1. Slik søkjer du om reseksjonering
Fyll ut skjema for reseksjonering:
2. Legg ved situasjonskart over eigedomen
Eit situasjonskart er eit kart som viser:
- Grensene til eigedomen
- Omrisset av bebygginga
- Gardsnummer og bruksnummer (gnr./bnr.)
Du kan og søkje om seksjonering av uteareal som ein del av seksjoneringssøknaden.
Les meir om seksjonering av uteareal.
Her finn du døme på korleis eit situasjonskart kan sjå ut.
3. Legg ved planteikningar for seksjonane som blir endra
Planteikningane må innehalde:
- Markering av dei ulike seksjonane (markerast med ulik farge)
- Forslag til seksjonsnummer
- Gards- og bruksnummer
- Romnemningar. Alle bustader skal ha stove, kjøken, bad og WC. Desse romma skal liggje innanfor hovuddelen.
Dersom delar av bebygginga skal vere tilleggsdelar til seksjonane, må dette markerast i planteikningane. Døme på tilleggsdelar er terrassar, boder og garasjar. Marker tilleggsdelane med TB (tilleggsareal bygning) og seksjonsnummer.
Her finn du døme på korleis eit situasjonskart kan sjå ut.
Dersom du ikkje skal endre grensene inne, kan du sjå bort frå dette punktet.
4. Bestill godkjend seksjoneringssøknad hos Kartverket
Kontakt Kartverket og bestill den eksisterande tinglyste seksjoneringssøknaden. Denne skal leggjast ved den nye søknaden.
5. Bestill samtykke frå bank eller meklar
Har du pant eller ei uråderett tinglyst på eigedomen, må den som står som rettshavar samtykkje til søknaden. Dersom du er usikker på om det er tinglyst pant eller uråderett, kan du kontakte Kartverket.
Du kan og sjå i grunnboka om det er tinglyst uråderett (krev innlogging med BankID).
Du treng berre samtykke frå den som eig pantet, vanlegvis banken din, i følgjande tilfelle:
- Du skal overføre delar av seksjonen din til ein annan seksjon, eller til fellesarealet
- Seksjonen din blir slått saman med ein annan, og seksjonen din blir sletta
- Seksjonen din blir slått saman med ein annan, og den andre seksjonen blir sletta
- Seksjonen din får endra brøk (teljar), som reduserer prosentdelen du eig i sameiget
- Seksjonen din endrar føremål frå bustad til næring, eller frå næring til bustad
Du treng samtykke frå den som eig ei uråderett/tinglysingssperre i alle tilfelle.
6. Lever søknadsskjemaet med vedlegg
Lever søknadsskjemaet (to eksemplar) med vedlegg per post eller til rådhuset – servicetorget. Du kan ikkje levere dette digitalt, sidan vi må ha originale signaturar.
Postadresse: Postboks 274, 6099 Fosnavåg
Besøksadresse: Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg
Kva kostar det?
Betalingssatsane finn du her.
I tillegg kjem tinglysingsgebyr fastsett av staten, etter til kvar tid gjeldande satsar.
Saksbehandlingstid
Frist for saksbehandling er 12 veker.