Når kan du seksjonere utearealet?
Skal du ha ein permanent oppdeling av utearealet i sameiget, må du rekvirere ei oppmålingsforretning. Dette må leverast saman med søknaden om seksjonering/reseksjonering av bygget. Dei fordelte uteareala vil då høyre til dei ulike seksjonane, og kan ikkje endrast utan samtykke frå den eller dei som eig seksjonane.
Kva kan du fordele?
I utgangspunktet står du fritt til å fordele utearealet som du sjølv vil. Det er likevel to vilkår som må vere oppfylte:
- Alle som eig ein seksjon skal behalde moglegheit til å kome fram til eiga seksjon frå fellesarealet.
- Uteareal som er vedtekne som fellesareal i byggetillatelse eller reguleringsplan, kan ikkje fordelast til einskilde seksjonar. Desse må framleis vere fellesareal.
Slik søkjer du
Skal du seksjonere utearealet, blir dette behandla som ein seksjoneringssak. Ved oppmåling av uteareal må det finnast rekvisisjon av oppmåling. Bruk skjemaet «Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring».
Du kan fordele uteareal:
Saman med søknad om seksjonering/reseksjonering av bygg leverer du inn eit situasjonskart der du har teikna inn fordeling av uteareala. Du må tydeleg markere kvart uteareal og fellesareal.
Her kan du sjå døme på situasjonskart med seksjonert uteareal.
Dersom du har koordinatar for utearealet som skal seksjonerast, kan du leggje desse ved søknaden. Oppmålingsforretninga kan då gjennomførast utan oppmøte i marka. Oppmålingsgebyret for oppmåling utan oppmøte i marka er redusert.
Hvis du ikkje har koordinatar for uteareala, vil vi avhalde ei oppmålingsforretning saman med deg på eigedomen. Vi kontaktar eigarane for å avtale tidspunkt for oppmåling. Legg derfor ved kontaktinformasjon til minst éin eigar.