Krav for sletting av seksjonering
Søknaden må vere signert av alle eigarane (heimelshavarane).
Det må liggje føre samtykke frå panthavarane til sletting.
Erklæring om gyldig sameige
Når det finst bustader i sameiget, og meir enn éin person er heimelshavar i sameiget, må det leggjast ved ei erklæring om at den enkelte heimelshavaren ikkje har eksklusiv bruksrett til ein einskild bustad. I erklæringa må de forklare kva som er årsaka til at seksjoneringa skal slettast.
Aktuelt regelverk
Eigarseksjonslova § 3
Rundskriv for tinglysinga, punkt 12.4, problemstilling 4
Tinglyste heftingar
Dersom det er tinglyst pant eller uråderett på eigedomen, må du leggje ved skriftleg samtykke frå panthavar eller rettshavar til uråderett. Både erklæring og samtykke må vere på papir, i original form.
Pant er tryggleik for eit økonomisk krav som er tinglyst i grunnboka.
Ei uråderett blir tinglyst i grunnboka og inneber at eigaren ikkje kan rå fritt over eigedomen.
Kontakt Kartverket om tinglyste heftingar.
Du kan òg sjå i grunnboka om det er tinglyst uråderett (krev innlogging med BankID).
Slik søkjer du
1. Fyll ut skjemaet
Alle seksjonseigarar må skrive under på skjemaet. (PDF, 114 kB)
Eventuelle fullmakter må sendast inn. Desse må vere stadfesta rett kopi og kan ikkje vere eldre enn 6 månader.
2. Send skjemaet
Lever skjemaet per post eller ved personleg oppmøte.
Vi må ha originale signaturar, og søknaden kan difor ikkje leverast digitalt.
Postadresse: Postboks 274, 6099 Fosnavåg
Besøksadresse: Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg
Kva kostar det?
Betalinssatsane finn du her.
Saksbehandlingstid
Du får svar innan 6 veker.