Klargjering av eigedomsgrenser

Klarlegging av eksisterande grense eller grensepåvisning utførast for rekvirent som ønsker å klarlegge gamle grense eller sette ned grensmerke.

Det er to typar klarlegging:

  • For eigedomar som tidlegare er koordinatbestemte i en oppmålingsforretning (eigedomar som er etablerte ved målebrev eller matrikkelbrev. Ofte er det eigedomar som er oppretta etter om lag 1980)
  • For eigedomar som har ikkje tidlegare koordinatbestemte (eldre eigedomar som er etablert ved skylddelingar/utskiftingar eller tilsvarande. Ofte er det eigedomane som var oppretta før 1980).

Ved klarlegging av eksisterande grense (grensepåvisning) gjennomføre kommunen en oppmålingsforretning og matrikkelføring innan 16 uke, etter reglane i matrikkellova og matrikkelforskrifta.

Klarlegging av eksisterande grenser krevje ikkje handsaming etter plan- og bygningsloven.

Kven kan få tenesta?  

Klarlegging av eksisterande grense kan rekvirerast av heimelshavar, festar, advokatar, kommune, fylkeskommune, stat eller andre som har fullmakt. Om det er eit firma som er eigar av eigedom, så kan personar med signaturrett i samsvar med firmaattest rekvirere klarlegging av eksisterande grense.

Kva kan du forvente?

Etter at du har levert søknad kan du forvente at landmålar ser på søknaden  og tek kontakt med deg for å avtale om at nytt grensemerke vert sett ned.

 

Korleis  søker eg ?

Rekvirent skal bruke et egent skjema som heiter : «Søknad om deling og eller rekvisisjon av oppmålingsforretning»

Du må legge ved:

  • Situasjonsplan/kart som viser kva grenselinjer eller grensepunkt man ynskjer klarlagt. Kart kan du lage sjølv lage i sunnmorskart.
  • Dokumentasjon for eigedom, f.eks. et skylddelingsforretning, målebrev eller matrikkelbrev.

Søknaden med vedlegg kan sendast via e-post til postmottak@heroy.kommune.no, via post til adresse: Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg eller levere på Servicetorget på Rådhuset.

Saksgang:

  • Når kommunen har mottatt søknad med dokumentasjon, så kommunen arkiverer den i sitt saksystem.
  • Landmålar sender ut varsel om oppmålingsforretning med tidspunkt til alle aktuelle partane i forretning. Kommunen sender ut varsel minimum 2 veke før oppmålingsforretning.
  • Landmåler held oppmålingsforretning. Eksisterande/gjernefunnet grenser blir målt inn på nytt, og eventuelt markert på nytt.
  • Dersom ein møter på oppmålingsforretning på vegne av nokon som er part i saka, må disse ta med utfylt fullmakt skjema, som er sendt samen med varsel.
  • Landmåler skriver i protokoll kva som er klarlagt og avtalt på oppmålingsforretning.
  • Matrikkelførar registrere grensene og nye grensepunktane i matrikkel  (offisielt register for eigedom)
  • Klarlegging av eksisterande grense blir ikkje tinglyst i grunnboka
  • Kommune sender nytt matrikkelbrev med alle nødvendig dokumentasjon til rekvirent og partane

Saksbehandlingstid for oppmålingsforretning er inntil 16 veker. 

Kva kostar det?

Prisane finn du her. (PDF, 288 kB)

 

Kan eg klage?

Ja, alle partane blir informert om klagefristen. Klagefristen er tre veke frå mottak brevet.

Etter matrikkellov §46a, partane kan klagast på matrikkelføringa i det digitale eigedomskartet under dette feil ved varslinga eller utføringa av forretninga.

Klaga skal være underteikna, nemne kva det klagas over, bør grunngjevast og skal innehalde kva for endringar som ynskjast jf. Forvaltningslova §32.

Klaga sendast via e-post til postmottak@heroy.kommune.no, via posten til adresse: Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg eller til Utviklingsavdelinga i Herøy Kommune.

Klager som ikkje avvisast eller tas til følje hjå kommunen, vil bli over sendt Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg klagehandsaming.

Lovhenvisning :

Matrikkellov §17

Matrikkelforskriften §36

Kontakt

Agnieszka Dvilevic
landmålar
E-post
Martin Hauge-Nilsen
geodataingeniør
E-post