Brøyting

Herøy kommune har ansvar for brøyting av kommunal veg, og dei med privat veg kan søkje om brøyting. 

Dette kan du forvente av snøbrøyting på kommunale vegar

Alle vegar kan ikkje brøytast på same tid. Det er difor sett opp følgjande prioriteringsliste for kommunal brøyting:

1. Kommunale vegar.
2. Gangvegar langs kommuneveg og fylkesveg.
3. Haldeplassar / snuplassar med vidare for kollektivtransport.
4. Vegar og plassar i tilknyting til offentlege helsesenter, legesenter, aldersheimar og sjukeheimar.
5. Vegar og plassar i tilknyting til skular og barnehagar.
6. Offentlege kaier og andre plassar som er opne for allmenn ferdsel.
7. Private vegar som har brøyteavtale med kommunen.

Normalt vil brøyting bli sett i verk når det har kome omlag 10-15 cm snø. Rydding av fortau i sentrum er huseigar sitt ansvar. 

Område kommunen ikkje brøyter

Brøyting av fylkesvegar og gang- og sykkelveg langs tidlegare riksvegar (strekninga Dragsund - Fosnavåg) er Statens Vegvesen sitt ansvar (tlf. 175)
Rydding av parkeringsplassane ved  gravplassane er kyrkja sitt ansvar (tlf. 70080260)

Snø på privat eigedom

Vegmynde har stor forståing for at det kan opplevast irriterande for ein grunneigar å få snø brøyta eller fresa inn på eigedomen. Av omsyn til fellesskapet ber vi likevel om at grunneigar berre flyttar denne snøen til andre stader på eigen eigedom, ikkje ut igjen på fortauet eller ut i køyrebanen. Der vert den då liggande på ein veg som nettopp er brøyta og skaper vanskar og vanskelege forhold for fotgjengarar og bilistar.

Lovlegheits vurderinga av vegmynde sin rett til å brøyte/frese inn på privat eigedom er skissert i brev frå Statens vegvesen Vegdirektoratet til Statens vegvesen Oppland av 10. februar 1989.

Om ansvarsforhold ved vinterdrift

Snøopplag på privat eigedom og brøytekantar ved avkøyrsler er nokre av ulempene ein må kunne pårekna når ein er nabo til ein offentleg veg.

Gjerder, hekkar, tre, garasjar og andre innretningar langs veg må tåle konsekvensen av normalt og forsvarleg vintervedlikehald, som brøyting og fresing. Kommunen eller utførande entreprenør kan ikkje haldast ansvarleg dersom skader skulle oppstå ved ordinær drift.

Ved unormalt stort snøfall eller unormalt mykje snø over lengre tid oppstår ekstra utfordringar for å kunne oppretthalde tilfredstillande framkomlegheit og trafikktryggleik. Under slike forhold må naboar til veg tåle enda meir av skader eller ulemper enn det som gjeld under normal drift.

Dette må du vite om du har avtale om privat snøbrøyting

  • Vegen må vere oppmerka med brøytestikker.
  • Vegen må vere over 2,8 meter brei, vere jamn og godt grusa eller asfaltert.
  • Vegen skal vere minimum 25 meter.
  • Overhengande greiner m.v er rydda vekk med ei høgde på 4 meter.
  • Snutilhøva i enden av vegen er tilpassa det brøyteutstyret som vert nytta (traktor med brøyteskjer og frontlessar).
  • Den som har inngått avtale kan ikkje ha uteståande gjeld til Herøy kommune.
  • Det vert ikkje utført strøing av private vegar.
  • Avtalen gjeld til den blir skriftleg oppsagt.
  • Det er ulik prissats om lengda på vegen er under eller over 100 meter.
  • Private vegar har lågast prioritet og vert brøyta etter at kommunale vegar og andre prioriterte område er rydda for snø.

Korleis søkje om brøyting?

Frist for å søkje om privat brøyting sesongen 2021/2022 er 1. november.

 

Kva kostar privat brøyting?  

Privat brøyting 2022:

Privat brøyting 2022:
Beredskapsgebyr Brøyting 25-100 meter Brøyting tillegg for kvar 100 meter
kr. 2 150,- pr. år kr. 192,50 pr. brøyting kr. 117,50 pr. brøyting
Privat brøyting er prisa ut frå sjølvkost. Det vil seie at kommunen ikkje skal ha utgifter, men heller ikkje inntekter på denne tenesta.

Prisane er oppgitt med mva. 

Kommunen seier frå seg ansvar for skade som måtte kome på t.d. gjerde, murar og prydbusker som følgje av brøytinga. 

Kontakt

Torger Kvalsund
driftsingeniør anlegg og drift
E-post
Lene Utseth
konsulent/brann/service/personvernombod
E-post
Teknisk vakt (kveld, helg og helgedagar)
Telefon +47 99 21 00 01