Faktura og betalingsfrist
I eit vanleg år blir kommunale avgifter og eigedomsskatt betalt i fire terminar.
I innføringsåret 2025 blir eigedomsskatten fordelt på dei to siste terminane av året.
Er det fleire eigarar, eller har det vore eigarskifte, må de sjølve bli einige om korleis de deler rekninga. Kommunen sender faktura til den som er registrert som eigar når fakturaen blir sendt ut.
Privatpersonar
Du får automatisk eFaktura viss du har slått på innstillinga “Ja takk til alle” eller “Alltid eFaktura” i nettbanken din. Vi sender også purringar som eFaktura. Har du spørsmål om dette, må du kontakte banken din.
Fakturaen er òg synleg i Vipps dersom du har godkjent dette i Vipps-innstillingane.
Har du ikkje eFaktura, får du fakturaen i di digitale postkasse (Digipost eller e-Boks) eller i Altinn.
Dersom du ønskjer å få eFaktura framover, må du velje “Ja takk til alle” eller “Alltid eFaktura” i nettbanken din. Då får du eFaktura frå og med neste termin.
Ved spørsmål, kontakt banken din.
Avtalegiro
Har du Avtalegiro, blir terminbeløpet trekt automatisk frå kontoen din. Du må sjølv opprette Avtalegiro i nettbanken. Hugs å setje ei beløpsgrense som er høg nok.
Har du eFaktura, må du i tillegg ha Avtalegiro for at beløpet skal trekkjast automatisk.
Du kan alltid sjå fakturaene dine i nettbanken.
Organisasjonar
Brukar du EHF-faktura, finn du fakturaen i reknskapssystemet ditt.
Har du ikkje EHF, får du fakturaen i Digipost eller Altinn.
For å opne fakturaen i Digipost, må du ha rolla “Administrator” eller “Dokumentbehandlar”.
For å opne fakturaen i Altinn, må du ha rolla “Post/arkiv” eller “Kommunale tenester”.
Dagleg leiar og styreleiar får automatisk rollene “Kommunale tenester” og “Post/arkiv” i Altinn. Dei kan også gi desse rollene vidare til andre.
Treng du hjelp til å endre roller, kan du kontakte brukartenesta til Altinn.
Forfall og terminar for kommunale avgifter og eigedomsskatt i 2025
* for skatteåret 2025 skal skattebeløpet fordelast på termin 3 og 4 for heile året
Er eigedomsadressa på fakturaen feil?
I enkelte tilfelle kan det stå ei anna adresse på fakturaen enn den du kjenner som bustadadressa di.
Det er gards- og bruksnummer og eventuelt seksjonsnummer som bestemmer kva eigedom fakturaen gjeld. Dersom desse opplysningane er rette, har du fått faktura for riktig eigedom – sjølv om adressa på fakturaen kan vere unøyaktig.
Eksempel: Dersom to bustader har same gards- og bruksnummer, men éin har adresse med "A" og den andre med "B", vil systemet hente adressa med "A", fordi det er den første. Det same kan skje om eigedomen har fleire adresser med ulike husnummer eller gatenamn.
Har du solgt eigedomen?
Vi sender faktura til den som står som eigar (fakturamottakar) på tidspunktet fakturaen blir sendt.
Dersom eigedomen har fått ny eigar, må kjøpar og seljar sjølve avtale korleis fakturaen skal delast eller betalast.
Ta kontakt med eigedomsmeklaren dersom de har spørsmål.
Eigedomsskatt
Alle som skal betale eigedomsskatt, får ein eigedomsskattesetel før 1. juli 2025.
Merk at eigedomsskattesetelen ikkje er ein faktura. Fakturaen blir sendt til fakturamottakar i slutten av juli, gjeldande for dei 3 første terminane i 2025. Faktura for 4. termin vert sendt ut i slutten av oktober med betalingsfrist 20. November.
Du får eigedomsskatt og kommunale avgifter på same faktura. Du må betale eigedomsskatten sjølv om du har sendt inn klage.
Les meir om korleis eigedomsskatten blir rekna ut, og korleis du kan klage.
Spørsmål om eigedomsskatt?
Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Då kan du sende e-post til eigedomsskatt@heroy.kommune.no.