I nokre tilfelle kan du få fritak frå å betale eigedomsskatt. Dette kan for eksempel gjelde dersom
- du nyleg har mista inntekt på grunn av alvorleg sjukdom eller ulykke, og har ikkje oppsparte midlar eller annan formue, som gjer at du ikkje har høve til å betale
- eigedomen brått har mista verdi, til dømes etter ein brann
Sjå kommunens retningslinjer for søknad av fritak etter §28 i eigedomsskattelova her. (PDF, 95 kB)
Slik søker du
Du søker ved hjelp av eige skjema på heimesida. Dette må du ha klart før du søker:
- gards-, bruks-, feste- og seksjonsnummer for eigedomen (Dette finn du på eigedomsskattesetelen og fakturaen.)
- ei forklaring på kvifor du meiner det er urimeleg å betale heile eller delar av eigedomsskatten
- utskrift av siste skattemelding frå Skatteetaten for alle i husstanden over 18 år
- husleigekontrakt dersom du leiger ut delar av bustaden eller anna.
For bustader i burettslag gjeld eigne dokumentasjonskrav.
Dersom du har behov for papirskjema, ta kontakt med servicetorget. Hugs å ta med dokumentasjonen du skal legge ved.
Sjå skjema for å søke fritak frå eigedomsskatt her.
Alternativt kan du sende søknaden hit:
Eigedomsskattekontoret, Rådhusgata 5, 6090 Fosnavåg
Etter du har søkt om fritak
Eigedomsskattekontoret behandlar søknaden etter fastsette retningslinjer.
Søknader som ikkje oppfyller dei vedtekne retningslinjene, men som likevel kan vere i tråd med lova sine krav til fritak eller reduksjon, blir sendt vidare til formannskapet for behandling.
Får du ettergitt eigedomsskatt, gjeld det berre for eitt år. Du må derfor søke på nytt for kvart år du ønskjer fritak.
Spørsmål om eigedomsskatt?
Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Då kan du sende e-post til eigedomsskatt@heroy.kommune.no.