Generelle fritak frå eigedomsskatt

Generelle fritak frå eigedomsskatt

Fritak etter eigedomsskattelova § 7 a, b og c:

  • § 7a Eigedom eigd av institusjon, lag eller foreining som blir brukt til allmennyttig formål
  • § 7b Historiske/freda bygg
  • § 7c Nye bustadar dei 2 første åra etter ferdigstilling, inntil formuesgrunnlaget frå Skatteetaten ligg føre

Kommunestyret kan årleg gjere enkeltvedtak om fritak etter søknad. For 2025 har kommunestyret gjort vedtak om fritak for eigedomar etter eigedomsskattelova § 7 a, b og c.

Kommunen må handsame alle eigedomar i same kategori likt. Meiner du at ein eigedom skulle hatt fritak og ikkje har fått det, kan du søkje eller melde frå til kommunen om dette innan søknadsfristen 22. juli, 2025. Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast og vert endeleg avgjort av klagenemdna for eigedomsskatt.

Andre vanlege bustadeigedomar og næringseigedomar vil ikkje få innvilga fritak. 

Slik søker du

Du søkjer via eige skjema på heimesidene. Dette må du ha klart før du søker:

  • Gards-, bruks-, feste - og seksjonsnummer for eigedomen. Dette finn du på eigedomsskattesetelen og fakturaen.
  • Utfyllande informasjon om søknaden.
  • Eventuelle vedtekter til organisasjonen/stiftinga.
  • Eventuelt vedtak om verning/freding av eigedomen.

Dersom du har behov for papirskjema, ta kontakt med servicetorget.  

 

Etter at du har søkt om generelt fritak 

Vi går gjennom søknaden din. På grunn av ferieavvikling har kommunen redusert kapasitet i feriemånadane. Du må derfor forvente at det tek litt tid å behandle søknaden. Vi sender eit mellombels svar med informasjon om forventa behandlingstid.

Dersom eigedomen din fell inn under éin av bokstavane i § 7 som kommunestyret har vedteke å bruke, førebur eigedomsskattekontoret saka, og kommunestyret tek den endelege avgjerda. 

Viss eigedomen ikkje fell inn under nokon bokstav, eller viss kommunestyret ikkje har vedtatt å bruke den aktuelle bokstaven, kan eigedomsskattekontoret sjølv gi deg eit skriftleg avslag. 

Du får alltid svar på søknaden din. Når saka er ferdig behandla, sender vi deg vedtaket som brev eller digitalt. Har du spørsmål undervegs, kan du kontakte eigedomsskattekontoret.

 

Spørsmål om eigedomsskatt?

Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Då kan du sende e-post til eigedomsskatt@heroy.kommune.no.