Stem fram Herøy som årets maritime kommune

Innfører eigedomsskatt i 2025

Innfører eigedomsskatt i 2025

Kommunestyret har vedteke å innføre eigedomsskatt frå 2025. Skattesatsen er i år på 1 promille av eigedomsverdien.

Eigedomsskatten skal gjere kommunen betre i stand til å drive tenester og investere for framtida. Skatten gjeld alle faste eigedomar i heile kommunen, inkludert bustadar, næringseigedomar, fritidsbustader og andre skattepliktige eigedomar.

Som innbyggar vil du få

  • varsel dersom eigedomen din må synfarast for å berekne skatten
  • ein skattesetel som viser beløpet på eigedomsskatten
  • faktura med betalingsfrist og klagefrist

Taksering av private eigedomar

For bustadeigedomar nyttar vi i utgangspunktet bustadverdien, det vil seie formuegrunnlaget frå Skatteetaten, til å berekne skatten.

Alle eigedomar som ikkje har formuegrunnlag må takserast i felt. Det skjer ved utvendig synfaring.

Taksering av næringseigedomar

Næringseigedomar har ikkje eit formuegrunnlag. Dei må derfor synfarast og takserast i felt. 

Takseringa av næringseigedomar er meir detaljert enn av bustadar. Det kan vere behov for at dei som skal taksere kjem inn i bygget. Eigaren vil i så fall verte kontakta.

Les meir om taksering og synfaring.