Klage på eigedomsskatten

Klage på eigedomsskatten

Klage på eigedomsskatt

Eigedomsskattesetelen viser korleis eigedomsskatten din er rekna ut. Meiner du det er feil, kan du klage.

Meiner du bustadverdien er feil?

Vi brukar bustadverdien frå skattemeldinga di for 2023 når vi reknar ut eigedomsskatten for 2025. Det er berre Skatteetaten som kan endre bustadverdien.

Du finn bustadverdien i skattemeldinga for 2023, under temaet “Bustad og eigedelar”, punktet “Bustad og eigedom”. Der står marknadsverdien (bustadverdien) og informasjonen som er brukt til å rekne den ut:

  • bustadtype (leilegheit, småhus, einebustad)
  • byggeår
  • areal (P-rom)

Dersom bustadopplysningane er feil, eller du meiner bustadverdien er for høg samanlikna med marknadsverdien, må du sende endringsmelding til Skatteetaten.

Endre grunnlaget for eigedomsskatten hos Skatteetaten.

Du treng ikkje å gi beskjed til kommunen om at du har endra bustadverdien hos Skatteetaten. Merk at det kan ta litt tid frå du får vedtaket frå Skatteetaten, til kommunen får den nye bustadverdien.

Burettslag eller sameige

Når kommunen brukar bustadverdi frå Skatteetaten som grunnlag, kjem opplysningane frå skattemeldinga til kvar enkelt andelseigar.

Les meir om korleis du endrar grunnlaget for eigedomsskatt i bustadselskap.

Klage på eigedomsskatt etter kommunal takst

Du kan klage dersom du kan dokumentere at taksten er for høg samanlikna med den antatte marknadsverdien.

Ved andre feil eller spørsmål, ber vi deg ta kontakt med kommunen før du eventuelt sender inn ei klage.

Klagefristen er 6 veker frå skattelista blir offentleggjort eller vedtaket blir sendt ut. Du klager via eige skjema på heimesida.

Dette må du ha klart før du klager:

  • gards- og bruksnummer
  • eventuelt feste- eller seksjonsnummer
  • telefonnummer

Dersom du har behov for papirskjema, ta kontakt med servicetorget.

Klagar du etter fristen, er det eit vilkår at du eller fullmektigen ikkje kan lastast for å ikkje ha overhaldt fristen, eller at det av særlege grunnar er rimeleg at klagen blir prøvd. Du må grunngi kvifor du sender klagen etter fristen.  

Klagen kan bli avvist fordi du har klaga for seint.

Skal du klage på eigedomsskatten kan du gjere det i skjemaet her.

Etter at du har sendt klage

Klagen vert først handsama av sakkunnig nemnd. Dersom klagen ikkje vert imøtekomen vert saka sendt over til klagenemnda for endeleg vedtak.

Vi behandlar klager fortløpande. På grunn av ferieavvikling har kommunen redusert kapasitet i feriemånadane. Du må derfor forvente at det tek litt tid å behandle klagen.

Vi sender eit mellombels svar med informasjon om forventa behandlingstid. Du får melding når klagen er ferdig behandla.

Du må betale eigedomsskatten sjølv om du har klaga.

Du må betale eigedomsskatten innan fristen, sjølv om du har sendt inn klage.

Får du medhald, betalar kommunen tilbake det du har betalt for mykje.

 

Spørsmål om eigedomsskatt?

Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Då kan du sende e-post til eigedomsskatt@heroy.kommune.no.