Eigedomsskattesetel
Det blir generert skattesetlar for alle eigedomar som sakkunnig nemnd har fatta vedtak for. Der står det kor mykje du skal betale, og korleis vi har rekna ut skatten. Dersom eigedomsskattebeløpet er mindre enn kr. 300, vil det ikkje bli kravd inn skatt.
For alle eigedomar sender vi setelen til di digitale postkasse. Har du reservert deg mot digital post frå det offentlege, får du setelen på papir. Der det er fleire eigarar sender kommunen eigedomsskattesetelen til ein eigarrepresentant. Vi kan både bruke eigarbrøk, alder eller alfabetisk tilnærming for å peike ut ein eigarrepresentant. Dersom kommunen har peika ut feil mottakar må de gje beskjed til kommunen slik at vi får sendt faktura til rett eigarrepresentant. Vi kan ikkje dele opp fakturaen i slike tilfeller og sende delfaktura til fleire.
Eigedomsskattesetelen blir sendt ut før 1. mars. Du får beskjed når setelen din er klar.
Avdøde eigarar
For å unngå at ein avdød eigar får skattesetel, må de endre tinglysinga av eigedomen. Ta kontakt med Kartverket for å gjere dette.
Bustader og fritidsbustader
Slik reknar du ut eigedomsskatten
For bustader og fritidsbustader er eigedomsskatten i 2026 fastsett til 2 promille av eigedomsskattegrunnlaget.
Formel for utrekning
Eigedomsskattegrunnlag × 0,002 = eigedomsskatt per år
Kva er eigedomsskattegrunnlaget?
- For bustader der kommunen har fått opplysningar om formuesgrunnlag frå Skatteetaten, er eigedomsskattegrunnlaget sett til 70 % av denne verdien.
- For bustader utan bustadverdi frå Skatteetaten og for fritidsbustader, er grunnlaget 70 % av den alminnelege takseringa som blei gjennomført i 2025.
Rekneeksempel for bustader
* Formuesgrunnlag er om lag det same som marknadsverdien på bustaden.
** Eigedomsskattegrunnlaget er 70 % av formuesgrunnlaget frå Skatteetaten, eller av taksten frå kommunen.
Formuesgrunnlag
Formuesgrunnlaget er Skatteetaten sin estimerte marknadsverdi for bustaden din.
Formuesgrunnlaget for 2026 er rekna ut basert på formuesverdien frå skattemeldinga for 2024. Du finn formuesverdien i skattemeldinga under temaet Bustad og eigedelar, punktet Bustad og eigedom. Der står både formuesverdien og berekna marknadsverdi. Eigedomsskatten blir fastsett på grunnlag av berekna marknadsverdi/formuesgrunnlaget.
Obs: Formuesgrunnlaget er ein berekna marknadsverdi, ikkje det som heiter likningsverdien eller formuesverdien i sjølvmeldinga. I 2026 utgjer likningsverdien/formuesverdien 25 prosent av formuesgrunnlaget for primærbustader og 100 prosent for sekundærbustader.
Les meir om formuesverdi hos Skatteetaten.
Meiner du formuesgrunnlaget er feil?
Formuesgrunnlaget skal vere om lag det same som marknadsverdien. Meiner du at grunnlaget er feil, kan du sende endringsmelding til Skatteetaten.
Skatteetaten reknar ut formuesverdien med utgangspunkt i bustaden sitt areal (P-rom), byggeår, type bustad, beliggenheit og informasjon om bustadar som har blitt selde i kommunen.
Næringseigedom og ubebygd tomt
Kommunen takserer eigedomen eller tomta og fastset eigedomsskattegrunnlaget.
Eigedomsskatten er 1 promille av grunnlaget.
Slik reknar du ut eigedomsskatten for næringseigedom
Eigedomsskattegrunnlag × 0,001 = eigedomsskatt per år
Lover og forskrifter
Eigedomsskatten er regulert av eigedomsskattelova.
Spørsmål om eigedomsskatt?
Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Då kan du sende e-post til eigedomsskatt@heroy.kommune.no.