Eigedomsskattesetel
Det blir generert skattesetlar for alle eigedomar som sakkunnig nemnd har fatta vedtak for. Der står det kor mykje du skal betale, og korleis vi har rekna ut skatten. Dersom eigedomsskattebeløpet er mindre enn kr. 300, vil det ikkje bli kravd inn skatt.
For alle andre eigedomar enn næring sender vi setelen til di digitale postkasse. Har du reservert deg mot digital post frå det offentlege, får du setelen på papir. Der det er fleire eigarar sender kommunen eigedomsskattesetelen til ein eigarrepresentant. Kommunen oppmodar om at eigarrepresentanten vidareformidlar setelen til andre eigarar. Alternativt kan kommunen sende skattesetelen til dei andre eigarane på førespurnad.
For næringseigedomar blir eigedomsskattesetelen og takstvedlegget sendt per brevpost. Det kan derfor ta noko lenger tid før brevet frå kommunen dukkar opp.
Eigedomsskattesetelen blir sendt ut før 1. juli i 2025. I vanlege år sender vi han ut før 1. mars. Du får beskjed når setelen din er klar.
Avdøde eigarar
For å unngå at ein avdød eigar får skattesetel, må de endre tinglysinga av eigedomen. Ta kontakt med Kartverket for å gjere dette.
Bustader og fritidsbustader
Slik reknar du ut eigedomsskatten
For bustader og fritidsbustader er eigedomsskatten 1 promille av eigedomsskattegrunnlaget.
Formel for utrekning
Eigedomsskattegrunnlag × 0,001 = eigedomsskatt per år
Kva er eigedomsskattegrunnlaget?
- For bustader der kommunen har fått opplysningar om bustadverdi frå Skatteetaten, er grunnlaget for 2025 sett til 70 % av denne verdien.
- For bustader utan bustadverdi frå Skatteetaten og for fritidsbustader, er grunnlaget 70 % av taksten frå kommunen for 2025.
Rekneeksempel for bustader
* Bustadverdi er om lag det same som marknadsverdien på bustaden.
** Eigedomsskattegrunnlaget er 70 % av bustadverdien frå Skatteetaten, eller av taksten frå kommunen.
Bustadverdi
Bustadverdien er Skatteetaten sin estimerte marknadsverdi for bustaden din.
Eigedomsskatten for 2025 er rekna ut med bustadverdien frå skattemeldinga for 2023. Du finn bustadverdien i skattemeldinga under temaet Bustad og eigedelar, punktet Bustad og eigedom. Der står både grunnlaget og utrekna marknadsverdi.
Det spelar inga rolle om bustaden er primær- eller sekundærbustad – det påverkar ikkje bustadverdien eller eigedomsskatten.
Les meir om bustadverdi hos Skatteetaten.
Meiner du bustadverdien er feil?
Bustadverdien skal vere om lag det same som marknadsverdien. Meiner du at verdien er feil, kan du sende endringsmelding til Skatteetaten.
Skatteetaten reknar ut bustadverdien med utgangspunkt i bustaden sitt areal (P-rom), byggeår, type bustad, beliggenheit og informasjon om bustadar som har blitt selde i kommunen.
Næringseigedom og ubebygd tomt
Kommunen takserer eigedomen eller tomta og fastset eigedomsskattegrunnlaget.
Eigedomsskatten er 1 promille av grunnlaget.
Slik reknar du ut eigedomsskatten
Eigedomsskattegrunnlag × 0,001 = eigedomsskatt per år
Lover og forskrifter
Eigedomsskatten er regulert av eigedomsskattelova.
Spørsmål om eigedomsskatt?
Har du spørsmål som du ikkje finn ut av på nettsidene våre om eigedomsskatt? Då kan du sende e-post til eigedomsskatt@heroy.kommune.no.