Etablering av private avløpsløysningar er søknadspliktig. Tenesteleverandør for slamtøming er Franzefoss Gjenvinning.
Les om slamtømming på Søre Sunnmøre reinhaldsverk sine nettsider.
Kor ofte vert slamavskiljaren tømt
Bustader vert tømt kvart 2. år.
Fritidsbustader vert tømt kvart 4. år.
Treng du ekstratøming?
Tøming utanfor vanleg tømefrekvens vert rekna som ei ekstratøming som huseigar må betale sjølv. Ekstratøminga kan bestillast direkte hos Franzefoss Gjenvinning.
Eigar bestemmer sjølv kven han vil bruke til å få utført ekstratøminga.
Når vert eigar varsla og korleis?
Eigar får tilsendt kort i god tid før slamtøminga vert utført.
Kva kostar det?
Kven kan få fritak
Eigedomar som står ubrukt over fleire år kan søke om fritak.
Huseigar sitt ansvar
Tanken skal vere tilgjengeleg før tøming. Det private avløpsanlegget skal tilfredsstille krava i forurensningsforskrifta kapittel 12.