Kven kan få bustønad?
Personar med låg inntekt og høge bukostnadar kan få stønad.
Husbanken
Husbanken har mykje nyttig informasjon om bustønad.
Korleis søkjer du?
Du kan søkje bustønad elektronisk eller på papir.
Klikk her for å søke elektronisk.
Papirsøknader skal du sende til Herøy kommune, Postboks 274, 6099 Fosnavåg.
Du kan få hjelp til å fylle ut søknaden ved servicetorget på rådhuset (ope kl. 09.00 –15.00).
Dette må du legge ved søknaden:
- husleigekontrakt, dersom du leiger bustad
- nedbetalingsplan på bustadlån, dersom du eig bustad
- dokumentasjon på eigedomskatt per år, dersom du bur i sjølveigd bustad (einebustad)
Informasjon om inntekta di blir henta inn automatisk gjennom søknadsprosessen.
Søknadsfrist
Søknadsfristen er den 25. kvar månad.
Når kan du vente svar?
Du får svar på søknaden din innan den 20. neste månad. Utbetalinga av bustønad er den 20. kvar månad.
Kva skjer vidare?
Får du innvilga bustønad, vert søknaden din automatisk overført til neste månad, dersom det ikkje har skjedd endringar.
Får avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.
Meld ifrå om endringar
Har inntekta di gått opp eller ned? Skal du flytte? Har nokon flytta inn eller ut av husstanden din? Du har plikt til å melde frå dersom det skjer endringar som kan ha betydning for utrekning av bustøtte.
Les meir om korleis du melder ifrå om endringar.
Klage på vedtak?
Finn du grunn til å klage på vedtaket, er klagefristen tre veker. Slik klagar du på eit bustøttevedtak.