Bli med på Ti på topp

Kommunal bustad

Kommunal bustad

Kommunal bustad er i utgangspunktet eit midlertidig tilbod om å leige ein bustad som Herøy kommune eig. Bustadane er eit av fleire tilbod vi har, for å hjelpe deg som har problem med å skaffe deg bustad sjølv.

Vi har fleire typar bustadar lokalisert på ulike stadar i kommunen. Vi har også særskilt tilrettelagde bustadar der det er personale tilstades delar av, eller heile døgnet. Om du vil ha meir informasjon om omsorgsbustadar, kan du lese det her.

Kven kan få tilbod om bustad?

Tilbodet er for deg som er utan bustad, og ikkje er i stand til å skaffe deg bustad sjølv, eller med hjelp frå andre. Det må vere økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du får tilbod om bustad gjennom kommunen. Ved akutt behov for bustad ta kontakt med NAV Herøy, sosialtenesta.
 

Kva kostar det?

Husleigen varierer utifrå storleik og standard.

Korleis søkjer du?

Du søkjer ved hjelp av det elektroniske søknadsskjemaet.

Dersom du skal sei opp leigeforholdet, må du gjere det i eige skjema.

Når kan du vente svar?

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Kontakt

Ida Myklebust
konst. avdelingsleiar eigedom
E-post
Mobil 90 07 23 23
Elise Waade Myklebust
Spesialkonsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 98 41 23