Bli med på Ti på topp

NAV - Økonomisk sosialstønad

NAV - Økonomisk sosialstønad

Du har krav på økonomisk sosialhjelp dersom du ikkje har andre moglegheiter til å forsørgje deg sjølv jf. Lov om sosiale tenester i arbeids- og velferdsforvaltninga §18 og §19. Lovverket sitt primære mål er å sikre alle som oppheld seg lovleg i Norge forsvarleg livsopphald. Oppheld du deg i utlandet har du ikkje rett på økonomisk stønad. For å få økonomisk sosialhjelp fra NAV Herøy og Vanylven må du opphalde deg i Herøy eller Vanylven kommune.

Opplysning, råd og rettleiing

NAV Herøy og Vanylven har plikt til å gi opplysning, råd og rettleiing som kan bidra til å løyse ellerførebygge økonomiske og sosiale problem etter Lov om sosiale tenester i NAV § 17.

Korleis søkjer du?

NAV Herøy og Vanylven har søknadsskjema som må fyllast ut og dokumenterast. Dokumentasjonen består av ein fullstendig oversikt over din eigen og eventuelt di familie sine inntekter og utgifter, samt gjeld og formue.

Les meir her:

Søknad som manglar dokumentasjon vert returnert.

Sjekkliste: Har du lagt ved relevant dokumentasjon (kun kopiar)

• Siste likningsattest frå skatteetaten

• Kontoutskrift frå alle kontoar også spare og BSU konto

• Kopi av husleigekontrakt eller utskrift av renteplan på huslån

• Lønnsinntekter og trygdeytingar dei siste tre månader

• Underhaldsbidrag

• Dokumentasjon på eventuell bustønad

• Avgifter (vatn, kloakk renovasjon o.a.)

• Kvittering for betalt husleige og straum/brensel

• Utgifter til lege, fysioterapi, kiropraktor, tannlege osv.

• Utgifter til barnehage, SFO eller anna barnepass

• Utgifter til forsikring (bustad, innbu)

Teieplikt

Alle som arbeider ved NAV Herøy har teieplikt. Teieplikta omfattar fødestad, fødselsdato, personnummer, adresse, statsborgarskap, sivil status og arbeidsstad.

Vert økonomisk sosialhjelp alltid gitt som bidrag?

Økonomisk sosialhjelp gis oftast som bidrag, men det kan også gis som varer og tenester og lån. Skal du leige bustad kan NAV Herøy og Vanylven vurdere å stille depositum garanti på inntil 3 månader husleige.

Vilkår for sosialhjelp

Er du arbeidssøkjar, har du plikt til å være aktiv for å skaffe deg arbeid etter NAV-lova §14a. Det å motta økonomisk sosialhjelp medfører eit krav om aktivitet etter Lov om sosiale tenester i NAV  Ein føresetnad er at vilkåret ikkje er urimelig tyngande for deg.

Saksgong, utbetaling og klage

Når du søker økonomisk sosialhjelp har du krav på eit skriftleg vedtak. Saksbehandlingstida er på fire veker. Dersom du ikkje har dokumentert søknaden ut frå sjekklista på førstesida så kan søknaden ta lenger tid. Utbetalingsdatoar av økonomisk sosialhjelp kan variere. Det ligg ved informasjon om korleis du skal klage på kvart vedtak.

Kan eg få sosialhjelp til å dekke gjeld?

NAV Herøy og Vanylven har som utgangspunkt ikkje plikt til å gi økonomisk sosialhjelp til å betene gjeld. NAV Herøy og Vanylven kan gi råd og rettleiing i gjeldsspørsmål og samarbeide med deg om å ta kontakt med kreditorane for å endre vilkåra for nedbetaling av gjelda. Unntaksvis kan sosialhjelp til dekning av gjeld på bustadlån, straum, eller husleige vurderast dersom du er i ein særs vanskeleg situasjon.

Korleis søkje og kontakte NAV Herøy og Vanylven

1. Ein søker sosialhjelp digitalt via nav.no

2. Du kan ringe: 55 55 33 33 (Kontaktsenteret har ope 08.00 - 15.30 alle kvardagar).

Mottak av søknad om økonomisk sosialhjelp: 

• Hovudkontoret ligg på Herøysenteret som ligg i Eggesbøvegen 2. Kontoret ligg i 2. etasje.

• Vi har avdelingskontor i Vanylven i Combisenteret i sentrum av Fiskå. Kontoret ligg i 2. etasje.

Opningstider finn du her.