Tekniske problem med sentralbordet

Problemet omfattar fleire kommunar. Telenor jobbar med å løyse saka.

Startlån og bustadtilskot

Startlån og bustadtilskot

Startlån og bustadtilskot er ordningar som tek sikte på å hjelpe vanskelegstilte husstandar på bustadmarknaden. Ein ønsker å etablere trygge bustadmiljø, der vanskelegstilte kan bli buande i nøkterne og gode bustadar over tid.  

Ingen har rett til startlån eller bustadtilskot, og sjølv om ein person fyller vilkår i forskrift og retningsliner, er det ingen garanti for å få startlån. Kommunen har avgrensa midlar til utlån/tilskot, og må prioritere mellom ulike søkarar og vanskelegstilte grupper.

Kva er startlån?

Startlån er ei låneordning via Husbanken, som skal bidra til å skaffe og sikre eigna bustadar for varig vanskeligstilte på bustadmarknaden. Det er kommunen som forvaltar midlane. Lånet skal være et finansieringstilbod for personar som ikkje får lån i ordinære kredittinstitusjonar, eller har moglegheit til å spare opp eigenkapital.

Formålet med startlånet er at det skal bidra til gode løysningar for varig vanskeligstilte på bustadmarknaden, slik at disse kan få et trygt og godt buforhold. Startlån kan nyttast til kjøp/bygging av bustad, refinansiering av bustad, og utbetring eller tilpassing av bustad.

Kven kan få startlån?

Før du søker om startlån må du ha søkt lån i ordinær bank. Du må ha økonomisk evne til å betene både levekostnader, bukostnader, og å kunne betene renter og avdrag på eit startlån.

Startlån er behovsprøvd. Bustaden skal være eigna for husstanden, være nøktern og rimeleg samanlikna med lokalt prisnivå. Bustaden må ligge i Herøy kommune.

Les meir om startlån og søk via Husbanken

Søk om startlån og tilskudd 

Kva er bustadtilskot?

Bustadtilskot er ei tilskotsordning der du kan få tilskot til kjøp av bustad, refinansiering av lånegjeld, utbetring og tilpassing av bustad. 

Bustadtilskotet er ei strengt økonomisk behovsprøvd tilskotsordning som kan gis i samanheng med startlån. Kommunen har avgrensa tilskotsmidlar. Berre dei aller mest økonomisk vanskeligstilte kan rekne med å få tilskot. Vi vil vurdere startlån før tilskot.

Les meir om tilskot og søk via Husbanken

Søk om startlån og tilskudd

Bustadtilskot til utgreiing og prosjektering

Dersom du har behov for tilpassing av bustaden din i dag, eller i nær framtid, grunna til dømes nedsett funksjonsevne hjå deg eller anna husstandsmedlem, kan du søke om tilskot til å få utgreitt moglegheita for auka tilgjengelegheit i bustaden.

Kor mykje kan du få?

Det er kommunen som vurderer kor mykje tilskot du kan få. Tilskotet kan være økonomisk behovsprøvd og det er opp til den enkelte kommune å vurdere tilskotsutmålinga. I Herøy kommune vert det gitt tilskot inntil kr 20 000 for utgreiing, og inntil kr 20 000 for prosjektering.

Tilskot til utgreiing

Kan gis til enkle undersøkingar av eksisterande bustad og tilkomst til bustad, vurderingar av den tekniske tilstanden på bustaden, arealbehov, moglegheiter og begrensningar, og økonomisk overslag.

Tilskot til prosjektering

Kan gis til dekning av kostnader til faglig bistand til prosjektering av både nye og eksisterande bustader, typisk arkitekthonorar eller liknande. Tilskot kan også gis til prosjektering av velferdsteknologi. Prosjektering og utgreiing skal utførast av fagkyndig.

Kven kan få tilskot til utgreiing og prosjektering?

Tilskotet vert gitt til personer som har nedsett funksjonsevne og andre som har behov for tilrettelegging av bustaden. Du vel sjølv fagkyndig, men prosjektering av bustaden og eventuell utgreiing i forkant må skje i samråd med ergoterapeut i kommunen.

Korleis søke?

Herøy kommune har eit eige skjema som du fyller ut og sender til kommunen. I søknaden godtek du at kommunen kan innhente ulike opplysningar som er naudsynte for å handsame søknaden. Tilråding frå ergoterapeut skal ligge ved søknaden eller være ettersendt før søknaden vert handsama.

Skjema tilskot til utgreiing og prosjektering finn du her. (PDF, 306 kB)

Kommunale retningsliner finn du her. (PDF, 748 kB)

Eit godt råd før du engasjerer fagkyndig

Når du skal velje arkitekt eller fagperson som skal hjelpe deg med å planlegge tilpassing av bustaden din, bør du avklare følgjande før ein inngår avtale, særlig dersom arbeida er omfattande:

• Om fagpersonen har erfaring med å planlegge tilpassing til spesielt behov
• Om fagpersonen har noko referanseprosjekt å syne til
• Avklare omfanget av både utgreiing og prosjektering
• Avklare kostnad for både utgreiing og prosjektering
• Avklare evt. begrensninger og varsel ved eventuelt avvik
• Avklare tidsbruk

Når du skal inngå avtale om prosjektering er det vanleg at arkitekt/fagpersonen lagar ei oppdragsstadfesting. Den skal vise kva som er avtalt og bør omtale prosjektets art, storleik, mogleg omfang av oppdraget og skal angje dei førebelse vilkåra for å utføre oppdraget.

Kontakt

Jan Driveklepp
spesialrådgjevar
E-post
Telefon 70 08 13 17