Familiekonsulent

Familiekonsulent

Familiekonsulent er eit lågterskeltilbod som skal bidra til å betre oppvekstvilkåra for born, unge og familiar. Lågterskeltiltaka som blir gitt frå familiekonsulenten skal ikkje erstatte lovpålagte tiltak i andre tenester.

Familiekonsulenten skal gje tilbod slik at fleire i ein familie kan få hjelp samstundes. Utgangspunktet er ein tankegang om at alle blir påverka dersom eitt familiemedlem opplever utfordringar i livet. 

Målgruppe
Vilkår for tenesta
Arbeidsmetodar
Kva kan du vente av oss?
Korleis søker du?

Korleis kome i kontakt med familiekonsulenten?

Du kan ringe for å drøfte saka/familien eller situasjonen du sjølv står overfor. Ein vil kunne snakke saman om det er hensiktsmessig å gå vidare med ein søknad eller om det er andre aktuelle instansar ein heller skal ta kontakt med.

Om du ynskjer å skrive til familiekonsulenten og det gjeld personsensitiv informasjon kan du nytte sikker digital post. Skriv i så fall «familiekonsulent» i tittelen.

Kvar finn du familiekonsulenten? 

Du finn familiekonsulenten i helsesenteret på Eggesbønes, inngang avdeling barn, familie og helse. Set deg på venterommet nedanfor trappa og vent til du vert henta. 

Kontakt

Trude Flusund
familiekonsulent
E-post
Mobil 48 89 29 88