Bli med på Ti på topp

Herøy legesenter

Herøy legesenter

Velkomen til oss. Her ser du korleis du kjem i kontakt. 

   
Kontakt gjennom Helsenorge 

Klikk her for bestille time, fornye resept eller sende melding til legen på helsenorge.no. 

Du kan også ha appen Helsenorge på telefonen og kontakte oss der. 

Her kan du lese meir om korleis du tar i bruk Helsenorge til å ha kontakt med legen.

 

Telefon og adresse

Du kan ringe oss på nummeret 70 08 14 60. 

Adressa vår er Herøy legesenter, Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg. 

Faksnummeret er 70 08 16 72.

 

Opningstider

Vi har ope måndag til fredag klokka 08.30–15.00.

Telefonen er stengt klokka 12.00–13.00.

Helgedagar har vi stengt. I romjula og påska er det eigne opningstider.

 

Betaling

Når du er hos oss, spør legen deg om du vil betale med Vipps eller faktura.

Dersom du ikkje har Vipps, vil du få ein gebyrfri faktura i posten.

Det er ikkje lenger mogeleg å betale med kort på legesenteret. Grunnen til det er det nye journalsystemet som er innført i haust.

 

Legevakt

Viss du ikkje får kontakt med fastlegen din, og hjelpa ikkje kan vente, skal du ringe legevakta på nummeret 116 117.

På kvardagar klokka 08.00–15.30 er det legevakt ved begge legesentera i Herøy.

Klokka 15.30–08.00 på kvardagar, og heile døgnet i helgene, er det legevakt berre ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. 

Søre Sunnmøre legevakt ligg ovanfor flyplassen i Hovdebygda. Bruk hovudinngangen på oppsida av bygget. Adressa er Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda.

 

Tilsette ved Herøy legesenter

Legane

Jan Magne Frislid
fastlege (allmennlege)

Jørn Kippersund
fastlege (spesialist i allmennmedisin), fagleiar for legane

Ida Beate Kvalsvik
fastlege (ALIS – allmennlege i spesialisering)

Cecilie Lillebø
fastlege (ALIS – allmennlege i spesialisering)

Emmanuel Waluge
LIS1 (turnuslege)

Hjelpepersonellet

Malin W. Hide
sjukepleiar (i permisjon)

Iren Hjelmeseth
helsesekretær

Aina Huldal
sjukepleiar, fagleiar for hjelpepersonell (i permisjon)

Louise Kaldhol
sjukepleiar (i permisjon) 

Eva Merete Kvalsvik
sjukepleiar (i vikariat)

Maria Torvanger Lied
sjukepleiar (i vikariat) 

Kathrine Andersen 
helsesekretær