Bli med på Ti på topp

Legevakt

Legevakt

Når fastlegen ikkje er tilgjengeleg, skal du kontakte legevakta.

Fastlegen er hovudkontakten din inn i helsetenesta. Når fastlegen ikkje er tilgjengeleg, skal du kontakte legevakta. Legevakta skal også hjelpa deg når du ikkje er i nærleiken av fastlegen din. Til dømes når du er på ferie eller reise.

Kontakt med tenesta har tre nivå i Noreg:

  • Fastlegen er hovudkontakten.
  • Legevakt skal hjelpe når fastlegen ikkje er tilgjengeleg.
  • Dersom det er akutt og står om liv, skal du ringe 113.

Korleis får du kontakt med legevakta?

Dersom du ikkje får kontakt med fastlegen din og hjelpa ikkje kan vente skal du ringe legevakta på 116117.

Legevakt på kvardagar mellom kl. 8.00 – 15.30 er ved legekontora i kommunen

Legevakt frå kl. 15.30 – 08.00 på kvardagar og heile døgnet på laurdag/søndag/helg er ved Søre Sunnmøre legevakt

Søre Sunnmøre legevakt ligg ovanfor flyplassen i Hovdebygda. Inngang gjennom hovudinngang på oppsida av bygget.

Adresse: Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda.

Kven kan kontakte legevakta? 

Alle kan ringe legevakta når ein meiner ein ikkje kan vente til fastlegen er på kontoret. Eksempel på tilstandar det kan vera fornuftig å ta kontakt med legevakta om:

  • Høg feber – særleg hjå barn
  • Moderate pustevanskar
  • Akutt sjukdom eller alvorleg forverring
  • Slapt og medteke barn eller tilsvarande symptom hjå vaksne
  • Alvorleg psykisk sjukdom
  • Mistanke om komplikasjonar i svangerskap
  • Kuttskadar som må syast
  • Mistanke om brot

Kva kan du forvente?

Når du ringer legevakta vert det gjort ei vurdering av situasjonen og det vert gjort avtale om oppmøte. Ofte kan gode råd på telefon vere nok.

Når du kjem til legevakta, må du alltid ta kontakt med personalet, slik at dei kan gjere ei rask vurdering av kor mykje det hastar. Dersom du må vente, er det fordi andre treng hjelp raskare. For å kunne hjelpe deg på best mogeleg måte, treng legevakta opplysingar om personalia, adresse, kvifor du tek kontakt, tidlegare sjukdomar, og kva medisin du nyttar.

Kva kostar det?

Du må betale ein eigendel og eventuelt dekkje utgifter til materiell som til dømes bandasjar og medisinar.

Akutt helsehjelp?

Ved ulukker og alvorlege hendingar der du treng akutt helsehjelp, skal du ringe 113.

Har du eitt av desse symptoma skal du alltid kontakte medisinsk nødhjelp 113:

  • Nye lammelsar i ansikt, arm eller underekstremitet
  • Nytilkomne språkforstyrringar, finn ikkje ord eller utydeleg tale
  • Uforklarleg og plutseleg ustø
  • Om ein person er medvitslaus eller har nedsett medvit
  • Brystsmerter i meir enn fem minutt
  • Bruk av hjertemedisinen nitroglyserin gjev mindre effekt enn til vanleg
  • Uventa ubehag i brystet, generell uvel og kvalme