Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Myrvåg legesenter

Myrvåg legesenter

Velkomen til oss. Her ser du korleis du kjem i kontakt.


Kontakt gjennom Helsenorge 

Klikk her for bestille time, fornye resept eller sende melding til legen på helsenorge.no. 

Du kan også ha appen Helsenorge på telefonen og kontakte oss der. 

Her kan du lese meir om korleis du tar i bruk Helsenorge til å ha kontakt med legen.

 

Telefon og adresse

Du kan ringe oss på nummeret 70 08 03 00. 

Adressa vår er Myrvåg legesenter, Dragsundvegen 11, 6080 Gurskøy. 

Faksnummeret er 70 08 03 01.

 

Opningstider

Vi har ope måndag til fredag klokka 08.00–15.00.

Laboratoriet er ope måndag til fredag klokka 08.30–15.00.

Telefonen er stengt klokka 12.00–13.00.

Helgedagar har vi stengt. I romjula og påska er det eigne opningstider. 

 

Betaling

Når du er hos oss, spør legen deg om du vil betale med Vipps eller faktura.

Dersom du ikkje har Vipps, vil du få ein gebyrfri faktura i posten.

Det er ikkje lenger mogeleg å betale med kort på legesenteret. Grunnen til det er det nye journalsystemet som er innført i haust.

 

Legevakt

Viss du ikkje får kontakt med fastlegen din, og hjelpa ikkje kan vente, skal du ringe legevakta på nummeret 116 117.

På kvardagar klokka 08.00–15.30 er det legevakt ved begge legesentera i Herøy.

Klokka 15.30–08.00 på kvardagar, og heile døgnet i helgene, er det legevakt berre ved Søre Sunnmøre legevakt i Hovdebygda. 

Søre Sunnmøre legevakt ligg ovanfor flyplassen i Hovdebygda. Bruk hovudinngangen på oppsida av bygget. Adressa er Torvmyrane 11 B, 6160 Hovdebygda.

 

Tilsette ved Myrvåg legesenter

Legane

Torstein Bjørndal
spesialist i allmennmedisin, sjømannslege, petroleumslege

Sunniva Drage
LIS1 (turnuslege)

Torill Myklebust
spesialist i allmennmedisin, sjømannslege, petroleumslege
fagleiar for legane

Håvard Ramsli
spesialist i allmennmedisin, sjømannslege, petroleumslege

Ørjan Yri
spesialist i allmennmedisin, sjømannslege, petroleumslege

Hjelpepersonellet

Gunn Bente Drevland
legesekretær

Malin Wickstrøm Hide
sjukepleiar (i permisjon)

Turid Kvalsvik Knutsen
legesekretær
fagleiar for hjelpepersonell

Elin Kvalsund
legesekretær

Eva Merete Kvalsvik
sjukepleiar (i vikariat)

Annica Nilsen
legesekretær

Hege Woldsund
sjukepleiar