Dette er dine klagerettar

Dette er dine klagerettar

Du kan klage dersom du ikkje er nøgd med dei helse- og omsorgstenestene du får tildelt. Vedtaket du har fått, skildrar også korleis du går fram for å klage.

Treng du hjelp til å klage?

Ved å kontakte sakshandsamar kan du få hjelp til å klage. Munnleg klage skal skrivast ned og underteiknast av den som klagar eller fullmektig. I klagen skal det kome fram kva ein ønskjer å endre. Vi nyttar ikkje eigne skjema for klage.

Korleis vert klagen handsama?

Når vi får klagen, vurderer vi den på nytt saman med eventuelle nye opplysingar i saka. Dersom klagen etter ny vurdering ikkje vert imøtekomen frå oss, vert den sendt vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd.

Pasient- og brukarombodet

Ved behov for bistand ut over rettleiingsplikta til kommunen kan du kontakte Pasient- og brukarombodet i Møre og Romsdal. Ombodet skal ta hand om behova, interessene og rettstryggleiken din. Telefonnummeret til ombodet er 71 57 09 00.

Kva er fristen?

Klagefristen er fire veker. Du kan levere klage via e-dialog (sikker innsending av post) eller i eige elektronisk skjema.

Klagen sendast til:

Helse og omsorg ved avdeling for tenestekoordinering

Rådhusgata 5,

pb. 274, 6099 Fosnavåg

Kontakt

Inga-Lill Slenes Bjørnstad
avdelingsleiar tenestekoordinering
Gro Anette Voldsund
kommunalsjef Helse og meistring
Rose-Marie Kvalsund
avdelingsleiar Bu og habilitering
Monica Svoren
avdelingsleiar barn, familie og helse
Gry Dragsund-Vike
avdelingsleiar pleie og omsorg