Bli med på Ti på topp

Kvalitetsstandard for tildeling av helse- og omsorgstenester

Kvalitetsstandard for tildeling av helse- og omsorgstenester

Herøy har utarbeidd ein kvalitetsstandard, eit dokumentet meint å presisere korleis Herøy kommune tildeler sine helse- og omsorgstenester.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Målet med kvalitetsstandarden er å skape ei felles forståing for nivået på tenesteytinga med bakgrunn i lovverk, faglege og juridiske vurderingar, og politiske prioriteringar. Kommunen ynskjer at kvalitetsstandarden skal gi både tenestemottakar og tenesteutøvar god informasjon om tenestene og kva ein kan forvente når ein tek i mot kommunale helse- og omsorgstenester.

Søknad eller ikkje?

Enkelte helse- og omsorgstenester krev ikkje søknad eller vedtak. Dette gjeld jordmor, helsestasjon, legeteneste, legevakt, fysioterapi, ergoterapi, kreftkoordinator og kommunepsykolog. Kommunepsykolog krev tilvising frå lege. Dette dokumentet omhandlar i hovudsak dei tenestene som krev enkeltvedtak (sjå forklaring under).

Korleis gå fram?

Dokumentet innleier med grunnleggande prinsipp for sakshandsaming. Her får du vite korleis du søkjer, korleis søknaden din vert handsama, og kva som vert lagt vekt på i tildelinga. Hovuddelen skildrar meir utfyllande om dei ulike tenestetilboda du kan søkje om, til dømes:

  • Kva lovverk denne tenesta er knytt til
  • Målsetting for tenesta
  • Vilkår for å få tenesta
  • Kva du som innbyggjar kan forvente av tenesteytarane
  • Tenesta sine forventningar til deg
  • Praktiske opplysningar

Du finn i tillegg meir informasjon om tenestene og kven som er kontaktperson for dei ulike tenestetilboda ved å sjå nærmare på dei ulike artiklane på nettsida.

 
*Eit enkeltvedtak er ei avgjersle gjort av eit offentleg organ, som gjeld rettar eller pliktar til ein eller fleire bestemte personar.