Bli med på Ti på topp

Eigenbetaling for opphald i institusjon

Eigenbetaling for opphald i institusjon

Alle med plass i sjukeheim må betale for opphaldet. Reglane om dette finn du i Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstjenester i institusjon.  Herøy kommune ønskjer her å informere om hovudtrekka i forskrifta.

Kort eller langtidsopphald

Korttidsopphald inntil 60 døgn

For korttidsopphald på institusjon må du betale 180 kroner per døgn.
Døgnsatsane for korttidsopphald gjeld for opphald som ikkje varer meir enn 60 døgn i kalenderåret.

Langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn

Eigenbetaling for langtidsopphald og korttidsopphald over 60 døgn vert rekna etter inntekt. Hovudregelen er at ein betalar 75 % av grunnpensjon, og 85 % av andre tilleggspensjon/inntekt.

Betalingsfritak første månad

Dersom du er tildelt langtidsopphald, er det inga eigenbetaling for den første månaden på sjukeheimen. Men dersom du har hatt korttidsopphald som har vart over 60 døgn i kalenderåret, vert det ikkje gitt friperiode.

Vedtaksprosessen
  • I Herøy kommune er det avdelingsleiar for avdeling for tenestekoordinering som fattar vedtak om eigenbetaling. Utgangspunkt for eigenbetaling er vedtak om langtidsopphald/korttidsopphald.
     
  • Det vert fatta eit førebels betalingsvedtak og kommunen sender deg vedtaket. Beløpa som vert lagt til grunn er inntektsopplysning frå NAV, forskotsskatt, beløp basert på skatteoppgjeret frå i fjor og skjema «Oppgåve over inntektstilhøve» som bebuar/pårørande må sende inn.
      
  • Vi ønsker at beløpa skal vere mest mogleg korrekte i forhold til reelle inntekter og frådrag slik at kontrollutrekninga ikkje resulterer i at du vert skuldig store beløp i etteroppgjeret. Dersom det er vesentlege endringar i økonomien som ikkje kjem fram av skatteoppgjeret frå året før, er det difor viktig at du kontaktar sakshandsamar.
     
  • Nye, førebelse utrekningar av eigenbetalinga vert gjort dersom kommunen får kjennskap til at den økonomiske situasjonen til bebuar har endra seg vesentleg. Nye/endra vedtak vert utsendt dersom endringa inneberer økt eigenandel med meir enn kr 500.
     

Når skatteoppgjeret for føregåande år er klart, kontrollreknar kommunen eigenbetalinga frå føregåande år. Denne kontrollrekninga kan vise at du har betalt for lite. Du vert då skuldig i etteroppgjeret og vil få krav om innbetaling. Har du betalt for mykje, vert kommunen skuldig og du vil få tilbakebetalt. Etteroppgjeret vert gjort når skatteoppgjera frå føregåande år vert tilgjengeleg for sakshandsamar, hovudsakleg i perioden ca. august - november. Etteroppgjeret vert gjennomført årleg.

Inntekter som inngår i grunnlaget for utrekning

Eigenbetalinga vert fastsett på grunnlag av all inntekt, til dømes:

  • Pensjon (både private, statspensjonar, KLP mv.)
  • Trygdeytingar frå andre pensjonsordningar
  • Arbeids- og næringsinntekter
  • Leigeinntekter
  • Renter
  • Utanlandspensjon og anna inntekt frå utlandet - meld frå til kommunen om dette
  • Aksjeutbytte (gevinst av aksjesal vert ikkje rekna som inntekt, men del av formue)

Der inntektstypen først vert endeleg fastsett ved skatteoppgjeret for gjeldande år, vert desse tekne med på etteroppgjeret.

Frådrag i grunnlaget for utrekning
  • Forskotsskatt i dei førebelse utrekningane
  • Faktisk skatt i kontrollrekningar/etteroppgjer
  • Gjeldsrenter
  • Forsytarfrådrag 
    • Bebuarar som har heimebuande ektefelle og eventuelt barn kan ha rett til forsytarfrådrag.
    • Herøy kommune gir frådrag også for sambuarar som har budd saman i over 1 år.

Krigspensjon/krigsenkepensjon
Den som mottek slik pensjon er garantert å behalde 37 % av full krigspensjon minus skatt.

Etteroppgjer når skatteoppgjeret er klart

Kvart år gjer kommunen ei kontrollrekning når skatteoppgjeret for føregåande år er klart. Etteroppgjeret er det endelege betalingsvedtaket.

Slik vert eigenbetalinga kravd inn

Korttidsopphald vert fakturert.  

Langtidsopphald: NAV Pensjon trekker kvar månad eigenbetalinga i trygd/pensjon og overfører dette direkte til kommunen.

Kommunen fakturerer månadleg den delen av eigenbetalinga som bygger på inntekter utanom pensjon/trygd frå NAV.

Storleiken på eigenbetalinga kan verte endra når kommunen får kjennskap til endringar i inntekt eller andre forhold knytt til utrekningsgrunnlaget. Det er derfor viktig at du gir melding til sakshandsamar kvar gong inntekta di, skatt og andre frådragsrettar vert endra, slik at nytt vedtak om eigenbetaling kan fattast.

Etteroppgjeret vert fakturert.

Det kan ta noko tid før trekket frå NAV blir iverksatt, i denne perioden kan det vere at ein blir trekt dobbelt.

Skjønnsmessige frådrag

Herøy kommune gir normalt skjønnsmessig frådrag:

  • Ved flytting direkte frå heildøgnsbemanna bustad i Herøy kommune til langtidsopphald, vert bebuar innvilga frimånad.

Herøy kommune gir normalt ikkje skjønnsmessige frådrag for:

  • Buutgifter
  • Avdrag på lån
  • Underskot i næring
  • Forsytarfrådrag dersom bebuar er separert
  • Faktisk underhaldsbidrag eller bidragsutgifter til born, utover forsytarfrådrag, jf. forskrifta § 5 første og andre ledd.

Herøy kommune kan gi frådrag i eigenbetaling for to månader til personar som betalar langtidsopphald og som søkjer om frådrag for dokumenterte buutgifter. Frådrag blir ikkje gitt ved bankinnskot over 1G på innflyttingstidspunkt.

Buutgifter som kan vurderast er:

  • Husleige
  • Straum
  • Kommunale avgifter

Kommunale avgifter

Fullmakt
  • Vi ber om få tilsendt kopi av verjefullmakt når statsforvaltaren har oppretta verjemål for bebuar.
  • Dersom det ligg føre anna fullmakt, det vil sei at bebuar har gitt fullmakt til eit familiemedlem eller andre, ber vi om å få tilsendt kopi av dette.
  • Vi ber også om å få tilsendt kopi av eventuell framtidsfullmakt.
Klage

Du som bebuar, verje eller pårørande (med fullmakt) kan klage på vedtak om eigenbetaling. Klage må vere grunngjeven og signert. Send klagen til Herøy kommune innan fire veker etter at du har fått vedtaket.

Dersom du ikkje får medhald i klaga vert ho vidaresendt til Statsforvaltaren i Møre og Romsdal for endeleg handsaming.

Klage skal sendast til:

Herøy kommune  - Avdeling for tenestekoordinering
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg

Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om eigenbetaling for opphald på institusjon i Herøy kommune kan du kontakte sakshandsamar. 

Postadresse:
Herøy kommune
Eggesbøvegen 11
6092 Fosnavåg

E-post: koordinerande.eining@heroy.kommune.no

Telefon: 700 81 300

Kontakt

Marit Dalsbø
Spesialkonsulent Tenestekoordinering
E-post
Mobil 90 83 23 23