Bli med på Ti på topp

Individuell jobbstøtte (IPS)

Individuell jobbstøtte (IPS)

Søre Sunnmøre IPS (Individuell jobbstøtte) er ein forpliktande samarbeidsmodell mellom NAV, helseføretaket sine avdelingar ved DPS Volda og Myrvåg, samt kommunane Herøy, Hareid, Ulstein, Sande,Vanylven, Volda og Ørsta.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.

Vårt mål er å hjelpe menneske med moderate til alvorlege psykiske lidingar og eller rusutfordringar ut i ordinært arbeidsliv.

Unikt for IPS prosjektet er at jobbsøkaren får individuell oppfølging av ein jobbspesialist som er integrert i jobbsøkaren si oppfylging frå kommunal rus og psykisk helseteneste eller spesialisthelsetenesta DPS. Tilbodet vert gitt utan anna føresetnad enn at jobbsøkjaren har eit ynskje om å vere i ordinær jobb.

Vi skal starte tidleg i forløpet med jobbsøking. Jobbsøkjar sine ønskjer og preferansar skal vektleggast, og arbeidsperspektivet skal integrerast i behandlarforløpet. Oppfølginga av den enkelte jobbsøkjar er individuelt tilpassa, og varer i uavgrensa tid.

IPS bygger på 8 grunnleggande prinsipp:

  • Målet er ordinært, lønna arbeid
  • Tilbodet vert gitt basert på jobbsøker sine eigne ynskje; ein kan ikkje ekskluderast med bakgrunn i diagnose, symptomer, rus eller sjukdomshistorie
  • Individuell jobbstøtte er ein integrert del av behandlinga
  • Jobbsøk skal basere seg på den enkelte sine interesser og dugleikar.
  • Oppfølginga inkluderer rådgjevning om søknadar om offentlege ytingar og trygd
  • Hurtig jobbsøk: Ein skal ikkje ha lengre periodar med førebuing, trening eller rådgivning før ein prøver seg i arbeid
  • Systematisk Jobbutvikling: IPS-jobbspesialisten brukar ein stor del av tida si på å bygge nettverk hjå arbeidsgjevarar basert på å finne aktuelle jobbar som passar kvar enkelt
  • Individuell oppfølging utan tidsavgrensning

Vil du vite meir om IPS prosjektet? Eller kanskje du kan tenkje deg å kome i jobb?

Ta kontakt med din behandlar i teneste for psykisk helse og rus, eller kontakt DPS i Volda eller Myrvåg.

Meir informasjon finn du her: ssips.no.

Besøk gjerne Facebook-sida vår: Søre Sunnmøre IPS