Bli med på Ti på topp

Tenesta psykisk helse og rus

Tenesta psykisk helse og rus

Utfordring knytt til psykisk helse og rus skjer i alle aldersgrupper og i alle deler av befolkninga. Tenesta er eit tilbod  til deg som treng hjelp og støtte frå helsetenesta, når eigeninnsats og støtte frå familie og nettverk ikkje er tilstrekkeleg.

Kva er teneste for psykisk helse og rus?

Tenesta er eit tilbod til personar med vanskar knytt til psykisk helse og rus, og deira pårørande.

Vi vil bidra til gjensidig samarbeid med utgangspunkt i dine ressursar. Tenesta legg vekt på nettverket ditt, og har låg terskel på samarbeid med fastlegen, NAV, helsestasjon, sjukehus og andre som er aktuelle å samarbeide med.

Om tenesta 

Tenesta er organisert i avdeling for barn, familie og helse  og samarbeider tett med øvrige helse og omsorgstenestene. Dei tilsette i tenesta  er satt saman i eit team med  tverrfagleg kompetanse og fleire av dei tilsette har relevant vidareutdanning. Gruppeaktivitetar og individuell oppfølging er ein del av tenesta .

Dei som tek imot hjelp får tildelt ei primærkontakt, og det vert skrive vedtak på timetal og innhald i hjelpetiltaket.

Kommunen har kommunepsykolog som gir tilbod etter søknad og avtale.

Tenesta tilbyr tenester måndag - fredag kl. 08-16.

Dersom du har behov for hjelp knytt til psykisk helse og rus mellom kl. 16 - 08 kvardagar, helg og høgtid, kan du kontakte legevakt på tlf. 116117. Ved akutt behov ring tlf. 113.

Det er òg fleire hjelpetelefoner du kan nytte dersom du har behov for nokon å snakke med. Sjå under nyttige lenkjer lenger nede på sida.

Målsettinga er:

  • Å gi hjelp og støtte
  • Å tilby rask psykisk helsehjelp
  • Å førebygge og redusere problemutvikling
  • Å fremje meistring av eige liv
  • Å betre levekåra

Kva hjelp tilbyr vi?

  • Støttesamtalar i heimen eller på eit kontor
  • Følgje til eller formidle kontakt med andre instansar i hjelpeapparatet
  • Oppfølging i bustad konkretisert i vedtak
  • Frivillig økonomisk forvalting
  • Tilvising og oppfølging i samband med rusbehandling i andrelinetenesta
  • Tilvising til ACT –team i ambulerande seksjon i Volda Distriktspsykiatriske senter. I tillegg til ACT-team kan Volda DPS gi heimebehandling i akutteam og oppfølgingsteamEin må ha tilvising for å få tildelt tenesta. Ein kan til dømes få tilvising frå lege eller psykolog.
  • Fremje sak om tvangsvedtak for Fylkesnemda-rus
  • Dagtilbod til psykisk helse og rus – ulike gruppetilbod organisert i ein aktivitetsplan
  • AssistertSelvhjelp – e-læringsprogram knytt til meistring
  • Ta Tak – Interkommunalt pårørandekurs i samarbeid med Korus og andrelinetenesta
  • Oppfølging av pårørande, informasjon, råd og rettleiing

Smitteverntiltak

Kommunen tilbyr gratis brukarutstyr til rusmisbrukarar som injiserer. Ta kontakt med tenesta ved behov for utlevering.

Kven kan søkje?

Tenesta gir hjelp og støtte til personar med vanskar knytt til psykisk helse og rus og deira pårørande.

Korleis søkjer du?

Er du allereie i kontakt med ein hjelpeinstans som fastlege, NAV eller sjukehus? Då er det fint om desse hjelper deg med å sende oss ein søknad på elink (elekronisk melding i helsevesenet), brev eller via telefon.

Du kan også søkje ved hjelp av søknadsskjemaet.

Når kan du vente svar?

Tenesta handsamar søknaden din så snart som råd. Tenesta har eige inntaksmøte torsdag kl. 08.30 i oddetallsveker. Inntaksmøte tildeler så langt råd er ei primærkontakt som tek direkte kontakt for å lage avtale om oppfølging. 

Vi vil handsame søknaden din så fort som råd. Du får svar innan fire veker.

Nyttige lenkjer:

- Kirkens SOS

- Mental helse hjelpetelefon

- VOlinjen (for deg som opplever vald eller overgrep i nære relasjonar)

- Rop.no (rus og psykisk helse)

Adresser

Besøksadresse: Herøy helsesenter, 1 etg.

Postadresse: Herøy helsesenter
                      Seksjon psykisk helse og rus
                      Eggesbøvegen 11
                      6092 Fosnavåg

 
 
 
 
 

Kontakt

Sunniva Bigset Karlsen
sjukepleiar førebyggjande rusarbeid
E-post
Mobil 95 06 32 60
Silje Ringstad
seksjonsleiar
E-post
Mobil 90 28 73 33
Liv Berit Hauge
fagleiar psykisk helse
E-post
Telefon 70 08 46 33
Mobil 48 99 34 69
Gjertrud Johnsen
miljøterapeut i psykisk helse og rus
E-post
Mobil 48 89 56 35
May Gunn Ertesvåg
fagleiar Rus
E-post
Mobil 48 12 26 37
Oddveig Garvik
psykisk helsearbeidar
E-post
Mobil 91 88 53 95
Ingebjørg Rønnestad
miljøterapeut bustadsosial og rus
E-post
Mobil 48 99 34 70
Malin Nerland
miljøterapeut / Sosionom
E-post
Mobil 91 89 01 67