Ergoterapeuten vil som regel kome heim til deg for å kartlegge utfordringane dine. Ergoterapeuten vil vurdere aktuelle løysingar saman med deg. Målet er at du skal oppleve størst mogleg grad av meistring i kvardagen din.
Løysingane kan vere å
- trene på å utføre daglege aktivitetar på nye måtar
- tilrettelegge omgivnadane slik at dei ikkje skapar utfordringar
- bruke hjelpemiddel til å kompensere for den tapte funksjonen
Slik får du tenesta
Du kan ta kontakt direkte med ergoterapeuten eller be om tilvising vidare frå andre tenester. Ergoterapeuten vil starte på saka di så raskt som råd.
Kva kostar tenesta?
Å få hjelp av ein ergoterapeut er gratis.
Kontaktinformasjon
Herøy helsesenter, Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg.
Sjå kontaktpersonane nedanfor.
Les meir om ergoterapi i denne brosjyren (PDF, 181 kB).