Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Fysioterapeut med driftsavtale

Fysioterapeut med driftsavtale

Fysioterapeuten hjelper deg til å vedlikehalde eller betre funksjonsevne, deltaking og aktivitet.

Kven kan få tenesta?

Alle kan ta kontakt og avtale time med eit av institutta som har driftsavtale med kommunen: Myrvåg Fysioterapi og Herøy Fysikalske Institutt.

Tidlegare måtte du ha ei tilvising frå anna helsepersonell for å få time med fysioterapeut, men slik er det ikkje lenger. Fysioterapeuten skal vurdere kva behov du har for behandling.

Kva omfattar tilbodet?

Terapeutane tilbyr individuell fysioterapiundersøking og behandling, trening av fysiske funksjonar, og gruppetilbod.

Behandlinga forgår i hovudsak på instituttet, men om du ikkje klarer å kome deg dit, kan behandlinga skje i heimen. Gruppetilboda er både på institutta og på Sunnmørsbadet.

Gruppetilbod:

  • Bassengtrening for vaksne/eldre
  • Hjerte- og lungegruppe
  • Fibromyalgigruppe
  • Muskel- og skjelettgrupper

Kva kostar det?

Du betaler ein eigendel for tenesta. Klikk her for å laste ei oversikt over eigendelane.

Korleis får du tenesta?

Du kan ta direkte kontakt med instituttet.

Kontaktinformasjon til institutta

Myrvåg Fysioterapi

Telefon: 70 08 37 00

Epost: myrvagfysioterapi@tussa.com (E-post er ikkje sikker kanal. Send difor Ikkje personsensitive informasjon på e-post.)

Adresse: Myrvåg Helsesenter, Dragsundvegen 11, 6080 Gurskøy

Tilsette: Øystein Nerland, Kjetil Paulsen og Monica Leine Tokheim (psykomotorisk fysioterapeut).

Herøy Fysikalske Institutt

Telefon: 70 08 82 27

Adresse: Herøysenteret, Eggesbøvegen 2, 6092 Fosnavåg

Tilsette: Eline Gurskevik Vattøy, Vegard Flister, Ann-Magritt Myrene Ytre-Hauge, Marthe Vike Hungnes