Gratis foreldrekurs: Få eit endå betre forhold til barnet ditt

Kommunal fysioterapi

Kommunal fysioterapi

Fysioterapeuten hjelper deg til å vedlikehalde eller betre funksjonsevne, deltaking og aktivitet.

Kommunefysioterapeuten gir tenester til barn og unge og til menneske som bur på institusjon. 

Tilbodet kan omfatte

  • individuell fysioterapivurdering og behandling
  • rehabilitering
  • gruppetilbod
  • hjelpemiddelformidling 
  • rettleiing til pårørande og tilsette i barnehage, skule og institusjon

Vi har desse gruppetilboda:

  • bassengtrening for vaksne/eldre og barn/unge
  • 4-månadarsgruppe på helsestasjonen

Slik får du tenesta

Du kan ta direkte kontakt med fysioterapeuten, eller du kan bli tilvist til fysioterapeuten frå til dømes helsestasjon, fastlege, institusjon eller andrelinjeteneste. Fysioterapeuten vil starte på saka di så raskt som råd.

Kva kostar det?

Alle over 16 år som får undersøking og/eller behandling av kommunal fysioterapeut må betale ein eigenandel. Dette gjeld ikkje dei på sjukeheim. 

Du får tilsendt rekning frå Herøy kommune i etterkant til frikort er oppnådd. Det er felles frikort for lege og fysioterapeut.

For ein time som ikkje vert nytta utan at vi får varsel seinast 24 timar før, vert du fakturert for den tida timen skulle vare. Du må då betale uavhengig av om du har frikort eller ikkje.

Kontaktinformasjon

Besøks-/postadresse: Herøy helsesenter, Eggesbøvegen 11, 6092 Fosnavåg.

Sjå kontaktpersonane nedanfor.

Kontakt

Maria Oline B. Værnes
fysioterapeut kvardagsrehabilitering
E-post
Telefon 91 33 25 09
Maria Elena Nilsen
seksjonsleiar rehabilitering, kommunefysioterapeut, spesialist i barne- og ungdomsfysioterapi MNFF
E-post
Mobil 97 56 20 70