Småjobbsentralen

Småjobbsentralen

Har du ein småjobb du treng hjelp til? Eller kan du tenke deg å ta på deg småjobbar? I samband med etablering av Svingen tilbyr vi innbyggarane i Herøy å melde inn småjobbar dei treng hjelp til - gjennom Småjobbsentralen.

I tillegg kan du som innbyggar registrere deg her om du kan tenke deg å ta på deg oppdrag.

Kva er ein småjobb?

 

Oppdragsgivar må stille med naudsynt utstyr.

Alle oppdrag vert sendt ut som ein førespurnad, og må godkjennast av Småjobbsentralen. 

Korleis gjer eg det om eg vil melde inn oppdrag?

Når du har oppretta ein brukar inne på  “Hjelper'n”, så er du klar for å legge ut oppdrag ved å følge stega i rettleiinga. Når du har oppretta oppdraget blir førespurnaden sendt til Småjobbsentralen for godkjenning.

Du kan også ringe eller sende SMS til Småjobbsentralen i ei overgangsperiode. Vi kan hjelpe deg med å kome i gang med Hjelper'n og vise deg korleis den kan brukast.

Korleis gjer eg det om eg vil registrere meg for oppdrag?

Du registrerer deg enkelt inne på “Hjelper'n”. Her vil du få rask tilgang til relevante oppdrag - alt samla på ein stad. Når du tek oppdrag via Hjelper'n er du dekka av kommunen sin kollektiv ulykkesforsikring.

Kva kostar det?

Det er fast timepris på oppdrag:

  • 200,- per time når hjelparen er under 25 år (14-24)
  • 250,- per time når hjelparen er over 25 år.

 

For å sikre at hjelparane får betalt for heile innsatsen, rundar vi alltid opp til neste påbegynte halvtime.

Betalinga skjer direkte frå oppdragsgivar til hjelparen - gjerne via VIPPS.

Kven kan bruke tenesta?

Tenesta er kun for innbyggarane i Herøy kommune. Bedrifter kan også sende inn førespurnad, eller ta kontakt på telefon i opningstida (kl.09.00-15.00)

 

Kom i gang

Opprett brukar på  “Hjelper'n” 

  1. Velg Herøy som hoverorganisasjon
  2. Fyll inn nødvendig informasjon
  • Namn, adresse og telefonnummer
  • Opprett eit passord med minst ein stor bokstav og eit spesialteikn (til dømes @!*%&)

 

Har du spørsmål ring/SMS/Whatsapp 481 95 337 eller send e-post til sjs@heroy.kommune.no